Me har no starta ei lita trimgruppe for vaksne. Treningane vil føregå på (eller starte frå) Vinjar kvar torsdag kl 20:00, om ikkje anna er nevnt på førehand.
Det finst ingen gruppesjef, så me planlegg treningane i felleskap. Me som var på Vinjar seist torsdag har skrive ned ein liten plan for dei neste tre torsdagane:
04.06: Oppvarming ("forbikøyring"). Basketball. Sirkeltrening/styrketrening.
11.06: Oppvarming ("forbikøyring"). Intervalljogging. Kanonball. Sirkeltrening/styrketrening.
18.06: Gange/jogge langs elva. Sirkeltrening/styrketrening.
Opp og hopp alle mann! :)