Liv i Vinje

Liv i Vinje

Fyrste  styresmøte etter årsmøtefesta.

Vinje oppvekstsenter torsdag 10.febr kl 19.30

 

Desse møte:

Olav Rui, Anders Sandvik, Britt Rønningen, Ellen Nordstoga, Anne T Romtveit. Varamedlem Inger Lise Ullsvik

Forfall: Varamedlem Sveinung H Olsnes

 

Konstituering av styret:

Leiar: Anders Sandvik vart attvald samrøystes

Nestleiar: Ellen Nordstoga vart vald samrøystes

Skriving av referat frå møta skal gå på omgang.

 

Styresmedlemmer og varamedlemmer kjem med saker til

Anders om dei har det.  Han sender innkalling med saksliste som sms til både medlemmer og varamedlemmer.

Varamedlemmene har høve til å møte på kvart møte om dei ikkje er særskilt innkalla og.

 

Møteplan 1.halvår 2011:

 

Onsdagane

9.mars

13.april

4.mai

8.juni

 

Møta er frå kl 19.30 - 21.30

 

Prosjektplanen, er me i rute?

Prosjektpengane frå Vinje kommune til VTNU vert utbetalt i desse dagar.

Nokon i styret har vore på Vest Telemarkkonferansa og kyter av den.

Melder om at det er så viktig at gamle elevar kjenner seg forankra i heimkommunen. Må halde kontakten med dei.

Noko Liv i Vinje kan gjera i så måte...?

 

Me er i rute i høve til prosjektplanen - side 6.

 

Møte med Vinje oppvekstsenter:

Inger Lise fortel at prosjektleiarane Elisabeth, Silje og Ole frå VTNU har vore på møte i skulen og blitt meir kjende med kva dei driv med der.

 

Heimesida til Vinje oppv  er like rundt hjørna, så etter kvart kan alle lesa om kva som skjer der.

Nyhende no er m a

- at skulen skal vitje VM i Telemarkskøyring på Rjukan,

- biblioteket er under storopp-pussing,

- songkonkurransa til Liv i Vinje der alle elevane skal vera med å kore

 

Vart ikkje gjort avtale om kontakt vidare med prosjektleiarane, men reiknar med at det er berre å kontakte Ole.

 

Tidlegare innkomne idèar- og nokre nye:

Tone Garnes: Eige prosjekt om broene over vassdraget her i krinsen+ den nedlagde bygdeheimen ved Grungebru.

Silje Hegg har vore i kontakt med Tone om broprosjektet

og prosjektleiarane  arbeider vidare med ev planar for Vinje bygdeheim

Idèkokeriet: Idè til ny næring

Sirkustelt som blir flutt rundt om i krinsen- akrobatikk, dyr mm

 

Fjellfestival inni fjella her.

 

Møterekkje på Vinjar, Tema kan vera lokalhistorie, politikk osv

For å setje Vinjar på kartet og aktivisere oss sjølve. Folk utanom Vinje kommune veit ikkje kvar Vinjar er ein gong!

 

Betre utsikta frå Haugeminnet: Hogge noko skog ovanfor Brukarstoga.

Anders fylgjer opp dette.

Korleis få folk frå Særensgrend meir med i Liv i Vinje? Sveinung er her ikkje i kveld, men han har kanskje tankar om det?

 

DNB Nor - gåvefond som kan søkjast på heile året.

 

VTB leiar 20/4-2010: Næringslivet i Vest Telemark har stor trong for nyrekruttering.   OBS  prosjektleiarar  i Liv i Vinje, styret og andre!

Dagsrevyen  22/2-10 melder at ein politiker ved navn Ulltveit Moe som arbeider særskilt med å få folk til å flytje ut av Oslo.

Ulltveit Moe bør kontaktast av prosjektleiar for Liv i Vinje.

 

Liv i Vinje støttar gjerne opp om idèane, men folk må draga det sjølve.

Minner om     tilskotsportalen.no der alle kan søkje om pengar  til friviljug verksemd.

Trafo.no Alle einskildpersonar kan søkje om pengar der.

 

Nye idèar:

Kaffebar ein stad i krinsen!

Næring i god kultur: Gunn Marit  Christenson frå Edland, busett i Porsgrunn,  arbeider som kulturentreprenør.  Noko for einkvan her og?

 

Ymist anna:

Måndagsmiddag: kr 14.500 på konto. Styret avgjer bruk av overskot.

Ellen tingar “tralle” for å ha i bruk i matsalen og kjøkenet.

Reikneskap: Bøgrend Automarken  Oversikt: inntekter og utgifter.

Anders tek det opp med Silje og lagar oversikt.

Reikneskap: Paafonndajen 2010. Anders lagar det og.

 

Teatergruppa. Gruppa som var i sving har gjeve seg i denne omgang.

Signe Bråstøyl, Ole Johannes Romtveit og Anne T Romtveit skal møtast for å sjå om noko kan gjerast vidare med dette temaet....

 

Stadnamngruppa har hatt møte: Samlar namn og skal setje dei inn på kart. Skilte vegen Vinjerui-Finnebu. Noko for elevar ved Vinje oppv senter?

 

Velkomengruppa Inger Lise og Britt har hatt møte:

Skal rundt å ynskje nye innbyggjarar i krinsen velkomne!

 

Arbeidsplassar:

Ny næring er eit av dei prioritera områda i prosjektplanen for Liv i Vinje.

Korleis kan prosjektleiaren hjelpe med å få meir næring hit - i tillegg til  “referansegruppa“? Ny næring for folk som alt bur i skulekrinsen - ev andre og?  Dette snakkar me meir om på fyrstkomande møte.

 

Møtet slutt 21.45

Ref Anne T R

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills