I fjor sette me opp den nye og heimelaga sceneforteljinga om Gunnbjørg Vinje (1853-1923). Ho var frå Heggestøyl, var ei kvinne med meiningars mot både når det galdt målsak og kvendesak- og mykje meir. Livet hennes synleggjer ved fleire høve at lokalhistorien- frå fleire stader i Vest Telemark- og Noregshistorien gjeng hand i hand.
I 1886 ville ho gjeva ut lesebok på landsmål i tevling med m a Ivar Aasen! Du skal få vita korleis det gjekk!
Mange har bede om at denne sceneforteljinga blir sett opp att, så me er glade for at de ser ut til å klaffe! Du vil sjå fleire bygdefolk i roller du ikkje ser dei i til dagleg! Og jamen blir det ein gjesteskuespilar med og!
Overrasking blir det - og så kjem Anne Liar- det blir nok litt endringar frå i fjor, ja!
Og du kan få kaupe heimelaga mat frå Vinje Gardsmat a/s- både kaffe, kling, haglette og smørgraut. Både karar og kvende er hjartlege velkomne!
Arr: Anne A Ringhus og Anne T Romtveit