Liv i Vinje

Kråkesølv til bensinstasjonfestival

Bensinstasjonen vart lagt ned for 10 år sidan, men no vert den fylt med musikk. Spellemannsprisvinnar Kråkesølv, Frida Ånnevik, El Cuero og Deathcrush er nokre av artistane når festivalen Bøgrend Autofest gjeng av stabelen i sumar.

 

Bøgrend Autofest er eit nytt tilskot i den norske festivalfloraen, og samla i fjor omlag 700 publikummarar til bygda Bøgrend i Vinje i Telemark som til vanleg tel om lag 70 innbyggarar. I år får bygda besøk av spellemannsprisvinnar Kråkesølv, spellemannsnominerte Frida Ånnevik og Per Anders Buen Garnås, plateaktuelle El Cuero og Ontz, og ikkje minst støyrockarane i Deathcrush. I tillegg er folkemusikkduoen Sudan Dudan og reggaebandet Bitu & the Bandits klare for festivalen.

- Her blir det landevegsrock, electropop, norsk old time, skånsk reggae, og frekt felespel. Bøgrend Autofest er garantert ein av dei mest interessante stadane for unike festivalopplevingar i sumar, seier festivalsjef Asgaut Bakken som lovar fleire godbitar framover.

 

- Me er svært godt nøgd med programmet så langt, og folk kjem verkeleg til å få seg nokre musikalske overraskingar i løpet av festivalen. Men, me har fleire overraskingar på lager, og kjem til å lansere nye artistar fortløpande utover våren.

 

I tillegg til konsertar vert det mellom anna bingoshow med Bingokongen Ronny Haugland, som til vanleg dekkjer hovedstaden si bingotrong annankvar onsdag på utestaden Blå i Oslo.

 

Årets festival gjeng av stabelen 5. – 7. august, og billettsalet startar neste veke. Førebels vert det lagt ut 300 eksklusive festivalpass.

 

 

ARTISLISTE (førebels)

 

Kråkesølv

El Cuero
Frida Ånnevik
Deathcrush
Sudan Dudan
Ontz
Bitu & the Bandits
Per Anders Buen Garnås

Bingo m/Bingokongen Ronny Haugeland

 

for intervju:

Asgaut Bakken, festivalsjef – tlf  971 43 066

 

Heimeside: www.bogrend.no

 

Om Bøgrend Autofest

Bøgrend Autofest gikk av stabelen for første gang i august 2010, og blir arrangert på den nedlagte bensinstasjonen Bøgrend Auto i bygda Bøgrend i Vinje i Telemark. Drifta av stasjonen vart lagt ned for omlag 10 år sidan, har sidan vorte bruka som lager for det lokale Røde Kors. I fjor tok konsertforeninga Havresekken (Oslo) og bygdemobiliseringsprosjektet Liv i Vinje sjansen, og bestemte seg for å pusse støv av den gamle stasjonen. Festivalen hadde i fjor 14 artistar på scenen, og omlag 700 besøkande. www.bogrend.no

 

Sagt om Bøgrend Autofest

“Hurra for annerledeskonserter..…Bøgrend Autofestival er en original nykommer som garantert kommer til å få mye oppmerksomhet på grunn av sin spesielle beliggenhet. Jeg elsker konserter og festivaler som tenker på en konsert som en helhetlig opplevelse”

MARIE EDHOLM ANDERSEN, TELEMARKSAVISA (TA)

“Bøgrend Autofest vart ein suksess frå start til slutt. Mektige musikkmøte frå ende til annan prega festivaldagane som synest vere komne for å bli.”
TELEMARKSAVISA

“Intimt, seriøst og skikkeleg bra er nokon ord som kan illustrere verdas fyrste festival i Bøgrend.”
VEST-TELEMARK BLAD.

”Hurra for Bøgrendgjengen, fantastisk festival!!”
MORUDES (Amund & Henrik Maarud)

”Bøgrend Autofest vart skikkeleg knall! Beint fram moro var det!”
AASMUND NORDSTOGA

”Bøgrend Autofest var ut av denne verden! Hurra!”
PICIDAE

”Takk, Bøgrend Autofest 2010 !! Relativt fantastisk.”
UKULELECOMPAGNIET

 

Artistar 2010

Valkyrien Allstars
Morudes (Amund & Henrik Maarud)
Ingebjørg Harman Bratland & Odd Nordstoga
Meadows & Io
Phone Joan
Aasmund Nordstoga m/ Abildsø Spelemannslag
Judas Booth (Erlend Kaasa)
Lars Underdal & Øystein Romtveit
DJ Sissyfus
Napoo
Picidae
Ukulelecompagniet
Aasne Vinjerui

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills