Liv i Vinje

Referat frå styremøte i LIViVINJE på Vinjar den 9 mars 2011.03.09

 

Desse møtte: Anders Sandvik, Sveinung Olsnes, Britt Rønningen, Olav Rui, Anne Romtveit, Ellen Nordstoga

 

SAKLISTE

 

Sak 0 : Nytt og godt

Sak 1: Skal LiviVinje meine noko om eigedomskatten ?

Sak 2: Korleis jobbe med arbeidsplassar utanom referansegruppa?

Sak 3: Køyrereglar for styrearbeid, og kva for mandat har me?

Sak 4: Påfonndajen 17. april. Kven gjer kva og korleis mobilisere?

 

Sak 0: Vellukka kveld på Vinjar den 8. mars. Spelstykkje om Gunbjørg Odden og Anne Liar. Svært bra framføring og mykje folk i salen. Anne Romtveit og Anne Ringhus hadde sett saman stykket og gjort eit stort arbeid med å samle stoff.

Innspeling av Vinjesongen på Vinjar torsdag 3. og fredag 4. mars. Born frå Vinje oppvekstsenter var med. Odd Nordstoga var produsent.

 

Sak 1: Saka vart utsett.

 

Sak 2: Alle har høve til å få hjelp frå VTNU med etablering av nye arbeidsplassar. Ole Dalen oppmodar om å taka kontakt.

Målsetjinga med referansegruppa er å finne ut kva som skal til for at folk utanfor Vinje  skal koma hit og etablere ny næring.

 

Sak 3: Styret slutta seg til desse punkta:

a)    Meld saker innan fristen og unngå for mange ymsesaker.

b)   Avslutta saker må leggjast heilt vekk.

c) Saker bør fremjast av Per og Kari og ikkje på vegne av nokon.

d) Framlegg om nye aktivitetar eller saker for LiviVinje skal til Ole.

e) Styret skal halde seg til prosjektplanen og gje prosjektleiinga handlingsrom.

 

Merknad til punkt c: Anne tek oppgåva med å skrive om dette på heimesida til LiviVinje. Svært viktig å få fram at dersom folk går og lurar på ting, så kom med det til styret !

 

Mandatet:

Fylgje opp prosjektplanen

Formidle informasjon til og frå prosjektleiinga

Bidraga inn i arbeidsgruppene

Førebu og gjennomføre årsfesten

 

Sak 4: Britt kallar inn til møte om Påfonndajen. Plakat på måndagsmiddagen med oppmoding om å melde seg til innsats for dagen.

Anders tek kontakt med Luke og mobiliserar på heimesida. Silje tek kontakt med avisene.

 

Ymse:

Stadnamngruppa kontaktar skulen om skilt.

Britt tek kontakt med velkomstgruppa.

 

Ref:

Ellen

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills