Liv i Vinje

REFERAT FRÅ STYRESMØTE 5. SEPTEMBER KL 18.30- 21.00

 

TILSTADES:

Anders Sandvik, Inger Lise Ullsvik, Britt Rønningen og  Anne T Romtveit. Prosjektleiar Elisabeth Lid var tilstades på ein del av møtet.

 

Måndagsmiddag:

Me treng kontaktperson og er samde om at Anne skal spørje Liv Lofthus om ho vil vera det.

Snart middag nr 100- og det må markerast!

 

Ungdomstiltak:

Samle ungdom - 8.klasse og oppover. Kanskje til pizza på Vinje gardsmat?

Komitè for dette, skal me ha det? Det vart nemnt nokre namn:  Anders, Marvin Haugen?, Harald Rishovd? Tor Øystein Gravdal ?(Ungdomsleiar i Tokke)

Anders vil i alle fall arbeide meir med å få dette til.

Kva med ungdomslaget?

Kontakte dei via Facebook....

Anders snakka med 10.klasse i Åmot.

Liv i Vinje skal ikkje drive dette arbeidet, men vera med å setje i gang.

 

Prosjektleiar Elisabeth Lid:

Skjer mykje her. Att ca 200 timar for prosjektet i år.  Gått omlag 130 timar på Bøgrend Autofestivalen.

Er no under arbeid 3 prospekt for tomter:

- Kari Tellefsen og Arne Vinje, 3 tomter ved Glitre.

- På Grindheim: 3 tomter

- Eric og Margit Rui Christenson: 3 tomter attom Smørklepp grendehus

Då prospekta er klare blir dei lagt ut på heime sida vår mm etter kvart.

 

Korleis gjeng det med arbeidsplassar og “referansegruppa” i Oslo?

Elisabeth visar til at Ole Dalen arbeider med dette, og held kontakten med gruppa. Dei er inne i ein god prosess, men dette tek tid.

- Ole skal snakke om prosjektet Liv i Vinje i det nye kommunestyret så snart det let seg gjera.

 

Minner om Flyt den 3.oktober, og at tidspunket for Flytmøta vert endra frå 17.30 til kl 17.15.  Det er Ole Dalen som kjem til det møtet.

Ref. Anne T Romtveit

 

 

 

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills