Til stades: Kari, Knut, Aasmund, Anne, Øystein, Ole Johannes, Lulla, Anders, Sigrid og Elisabeth
Vellukka Jonsokfeiring arrangera av Vinje og Smørklepp grendelag.
Bygdebrev nr. 4. distribuera til alle husstandar i Vinje skulekrins, samt lagt ut på heimesida til Liv i Vinje.
Bøgrend Autofest. Kjempesuksess og i år! Veldig god marknadsføring av Vinje.
Fototevling. Handverkslaget tok initiativ til å gjennomføre fototevlinga. Mange flotte bidrag utstilt på Vinjar i sommar. Dei bilda som ikkje vart seld, er nå i styrets eige.
Vinjesongen. Dei fyrste 500 CDane blei utseld på nokre veker! Det er lagd 500 nye som ligg ute for sal. Songen blir spela mykje på radio, og skal og framførast på årets Vest-Telemarktreff 6. oktober i Oslo.
Bustadgruppa. Sigrid V. har laga 3 flotte prospekt av tomteområda på Glitre, Smørklepp og Grindheim. Sigrid tar nye bilde og jobbar vidare med prospekta. Karin og Sigrid tek kontakt med Lotte i Vinje kommune og får stukket ut tomtane. Vinje kommune er positive til å tilretteleggje for bygging på tomtar som ikkje er regulera. Dette forutsett at kjøper sjølv kostar infrastruktur og andre utgifter. Prospekta og anna informasjon om arbeidet i bustadgruppa leggjast på nettsidene når det er klart.
Bustadgruppa jobbar og med planar for eit seminar for odelsborn m/ foreldre, samt andre moglege interessentar/tilflytterar. Vi har fått kr. 100.000,- frå Telemark Fylkeskommune til dette seminaret.
Ole har hatt møte med Handverkslaget som er veldig interessert i eit samarbeid. Dei ynskjer innspel til aktivitetar der dei kan bidra til LIV.
Kviteseid
6. september 2011
Elisabeth