Referat frå styremøte i Liv i Vinje 09/11/11
Til stades: Sveinung, Inger Lise, Anne, Anders og Britt
Saker:
- Prosjektplanen – Silje skriv bygdebrev, men me må koma med innspel.
- Heimesida – VTNU ynskjer at sida vår blir kopla inn på VTNU si side. Det blir ein kostnad på max Kr 5000,- pr. år for oss. Me har ei ordning som fungerar og som ikkje kostar oss nokon ting. Så kven er dette ein fordel for? Kva nytte har me av denne ordninga? Me går ikkje inn for VTNU sitt forslag endå, men me kan sjå nermare på det!
- Gong nr. 100 for måndagsmiddag – 12/12/11 – det må me feire! Bodil har sagt ja til å lage mat. Me vil prøve å få noko underhaldning og PR på dette arrangementet. Me kan invitere nokon viktige, for oss, personar! Me fordela oppgåver.
- Joletrefest – me treng ein komite. Anne spør Liv om ho kan ta på seg jobben og samle saman nokre personar.
- Ymse – Oppslagstavla som skal opp i Særensgrend kjem, men ventar på at plassen skal bli asfaltera. Anders snakkar med Darius om dei tavlene som står ved Plassen.
Maskeradefest? Ta opp på Årsmøtet eller i det ”Nye” ungdomslaget.
PÅFONN-PRIS – Sak på neste møte!
Det bur ungdommar frå Vinje i andre byar enn Oslo! Kva kan me gjera for å nå dei? Dette utfordrar me prosjektleieren på!
Nistog-bui – skjer det noko med den?
Ref: Britt Rønningen