Liv i Vinje

Styresmøte i Liv i Vinje onsdag 7.desember kl 19.30

Tilstades:
Olav Rui, Britt Rønningen, Anders Sandvik, og Anne T R.
Ellen Nordstoga møtte ikkje

Sak 1: Paafonnpris

Styret gjeng inn for å få til ein Paafonnpris. Den blir dela ut på årsmøtet 2012.

Kriteriar:

1. Nyskaping
2. Bu innanfor Vinje skulekrins
3. Gjeva positiv omtale for området.
4. Kan auke trivnaden og aktiviteten i området.
5. Kan gjevast til både lag og organisasjonar.

Framlegg til Paafonnpris-kandidat med grunngjeving må vera Anders Sandvik i hende - anten skriftlege eller muntlege- innann 20.jan 2012.
Styret for LiV er jury.

Olav Rui be Vinje Håndverkslag om å laga ein Paafonnpris og
Velkomengåve til nytilflutte til denne skulekrinsen.

Sak 2. Blir det joletrefest?

Ja, Liv Lofthus har fenge med seg ein gjeng til å stelle til joletrefest, heldigvis! Tradisjonen tru, det blir 3.joledag.

Sak 3. Flytmøta- er det trong for dei?

Ja, styret ynskjer at møta held fram. Flytmøta gjev eit godt høve til å treffe prosjektleiarane og taka opp det du har på hjarta. Mett og god av måndagsmiddag kan alle som vil vera med på dei møta fyrste måndag kvar månad kl 17.15 i formingssalen!
Møta fungerar godt og fleire må gjerne deltaka.

Sak 4: Årsmøtet

Årsmøtet 20 12 blir på Vinjar torsdag 26.januar.

 

Sak 5:

Styret har møte fylgjande datoar fyrste halvår 2012:
Møta vert lagt til 2.onsdag kvar månad og varer vanlegvis
frå kl 19.30-21-30.
11.januar blir førebuingsmøte til årsmøtet. Det blir frå kl 19-21.30
8. februar
7. mars
11. april
9. mai
6. juni

Sak 6: Måndagsmiddagane

Me startar opp att etter joleferien den 9.januar

Ymist anna:

Joletre på Stekken!!!
Styret arbeider med å få dette til. Tennast så snart som råd og lyser til 20.dag jol.

Ref. Anne T Romtveit

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills