Liv i Vinje

ÅRSMØTE  I  «LIV I VINJE»


30.januar 2012  kl 17.30 på Vinjar
Møteleiar: Anders Sandvik
34 møtte

1)    Årsforteljing 2011 v/Anne Romtveit
Merknader:
-Det er Ellen Nordstoga og Darius Jasmantavicius som ynskjer å selje Mjonøy, ikkje Ellen og Olav Nordstoga som det kom fram i årsforteljinga.
-Joletrefesten 3.dag blei ikkje nemnt. Dette var eit vellykka arrangement som absolutt bør takast med.

2)    Prosjektrapport 2011 v/Ole Dalen UTNU
Ole viste bilete frå året som har gått, og sjølvsagt spela han og den vellykka Vinjesongen.
-    Elisabeth Lie orienterte om arbeidet i bulystgruppa. Ho kom blant anna med info om tomter som skal blir lagt ut for sal og seminar i april på Mjonøy –om overdraging av gardar til nye geneasjonar.  Måndags-middagane er elles noko som er kome for å bli!
-    Silje Hegg orienterte om sitt arbeidsfelt. Vinjesongen blei ein suksess, snart er det selt 1000 eksemplar av cd 'en. Bygdebrevet kjem ut 2 gonger i året og Bøgrend Autofest hadde endå fleire besøkjande i 2011.  Det blir festival i 2013 også!
-    Ole Dalen orienterte om planar innan ny næring.  Eivind Kaasin vil frå 1.mars vera tilknytt VTNU. Rundt denne datoen vil me og få meir håndfaste orientering om planane.

3)    Prosjetrekneskap 2011 v/ Ole Dalen. Spørsmål om rekneskap kan rettast til rekneskapansvarleg ved VTNU.

4)    Udeling av Paafonnprisen 2012 v/Anders Sandvik.
Dei nominerte var:
-Reidar Carlsen som har gjenreist Øvrebø, har bygd nye hus og laga
båtmuseum
-Knut Erik Jordstøyl og Aslaug Kostveit for oppstart av Vinje Slakteri
-Aslak Ringhus og Knut Halvor Erikstein som sprang frå Bø og heim.

Årets Paafonnpris gjekk i år til Vinje slakteri. Aslaug Kostveit tok imot prisen. Stor applaus frå salen!

5)    Pause med kaffe og kaker

6)    Idear og innspel frå salen:
*Leiar Anders Sandvik fekk overrekt boka "Vi sier ikke farvel" av naboen Reidar Carlsen.  Han er sjølv forfattaren av boka !
*Liv Lofthus orienterte om arbeidet med joletrefesten 3.dag.  Dette er absolutt eit vellykka arrangement. Ho kom med ein del spørsmål som bør diskuterast:
-Kva kan ein gjera for at fleire skal møte opp?
-Bør festen leggjast seinare i romjola, vil fleire møte då?
Overskotet og diverse papir frå dei to siste joletrefestane vart overlevert til styret i Liv i Vinje.

*Forslag om kurs i segling med jolle på Vinjevatn (Optimist-jolle) for ungar mellom 10 og 15 år. Dette er ein god ide ein kan jobbe vidare med!

*Signe Bråstøyl som sit i interimstyret for Vinje ungdomslag orineterte om arbeidet i revygruppa. Her er det plass for ungdom i alle aldrar. Ungdomslaget er no på Facebook. Det blir idedag/skrivedag for revygruppa laurdag 25.februar, her blir spesielt ungdom invitert.

Ungdomslaget vil og  arbeide med oppstart av ungdomsklubb.

*Det kom og ynskje frå salen om uformelle møteplassar ute. Ein gapahuk kunne vera ein ide. Kanskje på Sandnes?  Her har det og vore snakk om utemøblar.

*Honnør til Hanna Jordstøyl som køyrer rundt med alle bygdebreva.  Ho er alltid positiv til ein innsats!

*Og honnør til Vinje Løypelag for utmerka fine løyper på Våmartveit.  Her ligg det ein utruleg dugnadsinnsats bak. Ikkje alltid veldig mange å sjå der.  Kanskje kan ein laga til arrangement der også? Suppestasjon eller kjeringsveiv? Alle som brukar løypene blir oppfordra til å bruka innbetalingsgiroen som har kome i posten!

*Eit stort problem alle stader er at bygdene veks til.  Kva kan gjerast med dette i vårt område?

 

Vinjar 30/1.2012

Margit Nordstoga
-referent

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills