Til stades: Anne Romtveit, Ellen Nordstoga, Eric Christenson, Anders Sandvik og Britt Rønningen.
1. Ellen leste fort igjennom referatet frå seist møte.
2. Jonsok-feiringa – alle har fått berre positive attedemeldingar på denne kvelden som samla fleire generasjonar til ei triveleg feiring. Der var rundt 100 bygdisar og ikkje-bygdisar til stades.
3. Smørklepp-brua: prosjektet har fått bra med økonomiske midlar:
• DNB Nor – 30 000
• SMIL – 30 000
• Vinje Kommune – 50 000
• Statkraft – 80 000
• Vegvesenet – 50 000
• Innovasjon Norge – 50 000
Bygginga av brua er tenkt starta den 24. september 2009, dette skal gjerast på dugnad, men Steinar Malldal, som leiar prosjektet skal ha Kr 60 000,- for sitt bidrag. Han meinar at det no er nok pengar til å sette i gang arbeidet, men dei ventar på eit prisoverslag for gravemaskinarbeidet frå ein entreprenør.
4. Nokon er i startgropa med spanande planar for bruk av Bøgrendsbui. Me må berre
vente i spaning……
5. Mange ventar på song og dans… Ellen kontaktar Tjovor for å høyre om ho kan få det i gang.
6. Prosjektplan for vidare arbeid – Anders har fått den som Øyfjell i si tid utarbeida, han sender den til resten av gruppa, som eit utgangspunkt. Alle tenkjer saman om korleis vår plan bør sjå ut.
7. Me tenkjer oss prøvebustader også her i området, kvar kan det vera moglegheit for å få tomter? Me diskutera ulike løysingar og me har nokre konkrete utgangspunkt. Anne tek kontakt med Vinje Kommune for å høyre korleis me går fram i søknadsprosessen.
8. Me diskutera om me skulle ha eit Olsok-arrangement også, men Mjonøy har hatt tradisjon for dette i nokre år og då er det ikkje behov for nok eit opplegg. Ellen lagar eit skriv med program som leggast ut på heimesida vår.
9. Eric undersøkjer status for Sannes-området til neste møte.
10. Me må ha eit organisasjonsnummer, Anders ordnar med dette.
Neste møte 5. August 2009, Kl 20.00 på Vinjar.
Referent – Britt Rønningen