Liv i Vinje

Referat  Livivinje  7.03.2012

 

Desse møtte : Britt,Anne,Olav, Anders, Ellen

 

1: Kari Tellefsen orienterte frå bustadgruppa. Det var ein del frustrasjon over ansvarleg prosjektleiar for bustadgruppa som hadde lova å taka dette vidare. Men me kan ikkje sjå at det er gjort.  Bustadgruppa er redde for at hus som er regulera til bustadføremål lett kan bli til fritidsbustader.  Dette bør  Liv I Vinje fylgje opp.

 

Det er tri prospekt over tomtefelt: 1: Ved grendehuset i Smørklepp, 2: ved boligane i Bøgrend, 3: ved Glitre på Vinje.

Feltet ved Glitre ligg inntil Heggestøyleigedomen. No er det nye eigarar der og kanskje die er interesserte i å leggje ut tomter på same tid. Liv I Vinje blir oppmoda om å takaa dette opp med dei. Ellen lova å gjera dette. 

 

2: Referat frå førre møte ved Anders.

 

3: Nytt og godt: Zumba på Vinjar. Vedtak i kommunestyret om gang og sykkelveg på Vinjeflaten.  Årsmøte i Vinje ungdomslag.

 

4: Referat frå seiste flytmøte med Silje. Dette finn de på heimesida.

 

5: Det var ein del frustrasjon i styret over prosjektleiarane som har endra stillingane sine sidan sist utan at styret vart orientert. Difor har Anders no sendt innkalling til Ole til neste styremøte måndag den 16. mars  18.30 rett etter flytmøtet. Her bed me om skriftleg orientering til oss om korleis prosjektleiarane tenkjer seg å drive prosjektet vidare.

 

6:  Neste styremøte blir måndag 16. april etter måndagsmiddag kl. 1730.

 

7:Påfonndagen: Grendecup, Vinje Gardsmat held ope med sal av mat og drikke. Dei lagar også middagen på Vinjar etterpå.

Hopp: Arild Norheim, Aslak Lofthus og Aslak Krossbakken er dugnadsgjeng her. Britt spør dei.

 Speaker : Arne Vinje     Ellen spør.

 

På Vinjar : Aasmund Plassen leiar og delar ut premiar. Ellen spør.

 

8: Ymse

Skjotebanen i Bøgrend. Blir det godt nok sikra mot støy?

 

Rydde vegen slik at me ser kyrkja når me rundar Haugeminne.

Olav Rui har skrive til Opl. V. Fond. Me ventar på svar.

 

Soga m Gullspong. Det vert oppmoda om at alle som har soger etc. kontaktar Liv Lofthus.

 

Velkomstplakat til nye innflyttarar. Anne presentera forslag frå Handverkslaget.

Det vart godkjent og applaudert. Anne spør om pris.

 

Vtbladspalta som Anne har snakka med red. Espelid om i fjor vår.

Han gjentek i dag at han har tru på ein slik serie og har tankar om at det kanskje kan bli ein sommarserie.

 

Skal me vera meir aktive i å få folk til å flytje hit ? Kva med islendingar?

 

Ref. Ellen   

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills