I tillegg til Silje Hegg (1 av 3 i prosjektleiinga) var 4 personar til stades.
Silje møtte i staden for Ole, for Ole vart influensasjuk. Sidan Silje var på eit møte i Vågslid den ettermiddagen kunne ho steppe inn på kort varsel.
Flytmøta. Silje fekk i oppdrag å legge dei ut på kulturkalenderen til Vinje kommune.
Årsmøte i Ungdomslaget 9. mars: Anne R. prøvar å legge det ut på kulturkalenderen, eller spør Signe B. om ho kan gjera det.
Det vart uttrykt ei viss misnøye med prosjektleiarane. Ein person hadde hatt problem med å få kontakt med ein av prosjektleiarane på e-post og telefon, og ein annan meinte at det for sjeldan var møte i bustadgruppa m.m. Silje gjev tilbakemelding om dette til resten av prosjektleiinga.
Bustadgruppa v/ Elisabeth og Norsk Landbruksrådgjeving arrangerer MinTur, eit seminar for familiar som skal foreta eigarskifte av landbrukseigdeommar. Det vert halde på Mjonøy 20.- 21. april.
Ole jobbar no for Vest-Telemark Rådet, men gjer framleis oppgåver for VTNU for å vidareføre oppgåver han har hatt der, som t.d. Liv i Vinje. Eivind Kaasin startar neste veke og kjem til å ta over arbeidet knytt til næring og referanse-gruppa i Liv i Vinje. Elisabeth startar i ny jobb som næringssjef i Kviteseid kommune i mai, men kjem til å halde fram med oppgåvene sine i Liv i Vinje ut året, som planlagt. Prosjektgjennomføringa av Liv i Vinje går som planlagt uavhengig av dette.
Det vart snakka om utfordringa med sakshandsaming i kommunen knytt til bustader og buplikt. Konkret døme: at ein kan søke løyve til bygging av bustad, fordi ein trur det er det ein kan få løyve til. Og deretter, etter at bygget er reist, kan få innfridd søknad om omregulering til fritidsbustad. Sjølv om regelverket som skal motverke desse tendensane finst, synest det vanskeleg å få det handheva i den kommunale sakshandsaminga.
Bustadgruppa ynskjer eit felles press frå styret mot kommunen for å etablere opparbeidd tomtefelt i krinsen og har lenge bedt om møtetid i styret. Dei fekk i løpet av Flyt-møtet etablert sak på saklista til styremøtet fyrstkommande onsdag.
Ein person etterlyser meir informasjon frå prosjektleiinga om ulike støtteordningar ein kan søke på innanfor t.d. regional utvikling. Silje svarte at det er krevjande sjølv for folk som jobbar med dette og halde oversikt over alle ordningane, og at det er eit vurderingsspørsmål kor vidt prosjektleiinga skal bruke prosjektmidlar på å formidle dette spesifikt til folk i Vinje skulekrins, når det alt ligg offentleg informasjon om dette på nett. Vinje kommune har t.d. kjøpt tenesta www.tilskuddsportalen.no og invitert til og holdt kurs for lag og organisasjonar om korleis ein nyttar denne. Dette er ein portal som nettopp samlar alt som finst av støtteordningar ein stad, for å hjelpe på den utfordringa det er for alle å halde oversikt over verkemiddelapparatet. Silje tipsa i tillegg om å gå inn på Kommunal-og regionaldepartementet (KRD) sine nettsider for å lesa om regionale utviklingsmidlar og fortalte at midlane frå KRD for det meste vert forvalta gjennom fylkeskommunane og dei 3 verkemiddelaktørane Innovasjon Norge, Norges forskningsråd og SIVA (Selskapet for Industrivekst). Me snakka også om TUF-midla til fylkeskommunen m.m. Elles kan ein t.d. få gratis rågjeving om bedriftsetablering på Vest-Telemark Næringsutvikling, om ein har ein konkret forretningsidé.
Det vart foreslått eit dagmøte der nokon, kanskje ein av prosjektleiarane, gjorde greie for alle støtteordningane.
Det før uttalte saknet om manglande formidling av alt det gode som finst og som skjer i krinsen vart også eit tema. Silje tipsa om den flotte kulturkalenderen til Vinje kommune, som alle kan melde seg inn i og legge ut arrangement. Alt ein legg ut på Vinje sin kalender kjem inn i ein felles Vest-Telemarkkalender, og alt kjem vidare til aktuelle reiselivssider og til VisitNorway sin mobilapplikasjon, Telemarkher sin aktivitetskalender for heile Telemark og i kvar einaste papirutgåve av Telemarksavisa (TA) under “På Plakaten†m.m.  I tillegg minte ho om heimesida til Liv i Vinje, og at ein kan sende reportasjar og bilete og forteljingar til Luke og Kari, så legg dei det ut på heimesidene. Nokon meinte at ein ikkje må gløyme avisene og det at ikkje alle er på nett. Initiativet frå Anne R inn mot VTB ligg enno hjå VTB som ei sak dei i utgangspunktet var positive til. Verktøyet for formidling finst. Utfordringa er å fylle det med innhald og det kan i stor grad den som vil gjera.
Det vart elles prata om utrfordringane knytt til prosessen rundt salet av Mjonøy og verkemiddelapparatet som heller hjelper nyvinningar enn å støtte unge lokale folk som vil overta allereie godt etablerte bedrifter.
Alle dei fire oppmøtte meldte seg som frivillige til Bøgrend Autofest! Hurra! Dei tipsa om å legge liste på Esso, og trudde fleire ville melde seg til teneste på den måten.
Â
Â
Ref. Silje
Â
Â
Â
Â
Â