PROSJEKTLEIAR ELISABETH LID LEIA MØTET
- og elles til stades: Olav og Ellen Nordstoga, Knut krossbakken, Anders Sandvik, Marit Sande, Harald Kvålen, Kari Bø, Ole Dalen og Anne T Romtveit
Eigarskifteseminar på Mjonøy til helga 20.-21.april.
Dette er eit samarbeid mellom VTNU, Landbruksrådgjevinga Østafjells og Liv i Vinje.
Seminaret gjeld eigarskifte på gardsbruk og har som mål å koma i gang med samtaler, og informasjon, om dette for både eigar og overtakar.
Seminaret vil bli meir kjentgjort utover veka.
Tomteprospekta:
Sigrid Vesaas har laga framlegg til 2 av tomteområda, men dei er ikkje ferdige og skal ha andre foto. Merknader til desse formidlar Elisabeth til Sigrid. Og kva me prospekt for det 3.tomteområdet, ved Glitre?
Folk syns det er feil at huset av Robert Balaz er blitt seldt som fritidseigedom, og kva skjer med Sion? Blir det og fritidsbustad? Bustadgruppa m Elisabeth fylgjer opp dette.
Det er viktig i eit tilflyttingsprosjekt som LiV å ha ledige hus i området, og tomter.
Skal me òg leggje planar for husbygging med livsløpstandard? Kva vil noko slikt koste? Kva med livsløpstun for fleire aldrar?
Sentralisering er ein trend som me ynskjer å bremse. Hus og tomter er ein utløysande faktor for kvar ein vil busette seg, like viktig som arbeid , for folk aksepterar at ein del arbeidskøyring. Dette må arbeidast vidare med.
Dyrkeprosjekt ved Vinje oppvekstsenter?
Marit Sande ynskjer å få i gang dyrking av grønsaker og jordeple, og at borna lærar seg dette. Finns det epleåkrar i bruk her lengre? Borna kan så om våren, hauste til hausten og selje produkta på Vinje Gardsmat på marknadsdag der, kanskje Mikkelsmess...
God idè, seier Knut K, og han vil taka det opp med personalgruppa på oppvekstsentret.
Kva med sommarferien når det gjeld vatning og grasing?
Vinje kommune treng meir aktivt landbruk. Kva med ein person tilsett på landbrukskontoret som kan ha som oppgåve å få i gang att meir dyrking. Kva med andelslandbruk? Og skulehagar? Folk treng noko fornuftig å eta! Forsøksringen kan og kontaktast. Prosjektmidlar? Eldsjel som kunne
taka det vidare. Sommarjobb for ungdom saman med vaksne.
Lurt å starte opp med jordeple og Blåmandel, som er ein utdøyande slag, bør brukst.
Prosjektleiarane tek dette vidare.
Knut K arbeider vidare med det på oppvekstsentret.
Ref. Anne