Frammøtte: Inger Lise Ullsvik, Britt Rønningen, Ellen Nordstoga, Anne Romtveit, Olav Rui.
Fyrst ei opplysning om at Elisabeth Lid ,næringssjef i Kvitseid har ny e-post adresse: elisabeth.lid@kviteseid.kommune.no
Nytt og godt:
* «jordfræsarlaget»14 personar møtte for å høyre på Knut Volland frå Norsk lanbruksrådgjeving.
Målet er å starte opp med felles dyrking av nyttevekstar.
* Universitetet i Agder har gjeve ut eit hefte om leseopplæring og skuleboksamlingar. Vinje skule har vore med som ein av 10 skular.
* TV2 programmet «Jenter på hjul» den 5 juni ,var mellom anna frå hjorteoppdrettaren på Våmartveit, fiske på Møsvatn og baking på Mjonøy.
Referat frå siste styremøte og flytmøte.
1. Er prosjektplanen i rute?
Køyreplanen er veldig mager i 2012 . Ein må få aktivitetar inn på køyreplanen hausten 2012.
2. Opptakt til evaluering av prosjektet.
Det skal kallast inn til bygdemøte onsdag 19. september kl 19.
Ein bør dele møtelyden inn i mindre grupper for at flest mogleg skal få sagt sitt.
Ein må også etterlyse nokon skriveføre som kan vera med Kari og Luke å oppdatere heimesida.
3. Bygdebrev skal ut i juni.
Inger Lise skriv om bibliotekprosjektet ved skulen.
Anne skriv om bygdemøtet
zumba på Vinjar
gang og sykkelvegen
revyen
Ellen skriv om brua som forsvann
Signe Bråstøyl skriv om ungdomslaget
påfonndagen
Britt skriv om rydding av utsyn mot kyrkja
Ingvild L. Nordstoga skriv om 17. mai
Sigrid Vesaas skriv om tomtefelt og ledige bustader
4. Jonsokfeiring
Anne tek kontakt med grendelaga.
5. Heimesida
Kari og Luke vil drive heimesida vidare.
Neste møte 5. september kl 19.30 på Vinjar
Ref: Olav Rui