Liv i Vinje

Referat  styremøte LiviVinje torsdag 10.05.2012

Desse møtte: Anne Romtveit, Inger Lise Ullsvik, Olav Rui, Britt Rønningen, Sveinung Olsnes, Ellen B. Nordstoga

Sak 1. Nytt og godt

Oppslagstavla. Olav Rui sette opp denne på Vinjar. Tavla var laga av Darius Jasmantavicius.

Sak 2: Referat frå styremøte og flytmøte.

Desse vart godkjende.

Sak 3: Er prosjekt LiviVinje i takt med prosjektplan?

Ja, me er i samsvar med prosjektplanen.

Sak 4: Velkomstgåva.

Anne orientera om plakat og rammer og potensielle nyetablerarar som er kvalifisera. Inger Lise og Britt lagar liste over kven som har fått og kven som skal få gåve.

Sak 5. Serien i VTB bør koma i gang no.

Inger Lise og Britt sender lista over nyetablerarar til Anne .

Sak 6: Vedahogst ved brukarstoga.

Ingen har meldt seg enno.

Sak 7. Vinje oppvekstsenter – dyrking

Skulen svarar at dei ikkje har kapasitet til eit slikt prosjekt. Ellen meinte at dette er altfor stort for skulen å klare åleine og at det er heilt avhengig av at det er ei gruppe utanom skulen som brenn for prosjektet. Desse blir kalla inn til idemyldring om saka: Anne Romtveit, Marit Sande,Ellen Nordstoga og Karen på Missæ , Tjodvor Haugen .Fyrste møte etter måndagsmiddag 14. Mai.

Sak 8.Bustadgruppa

Bustadhus/feriehus

Det vart ein del diskusjon att og fram. Konklusjonen vart at Bustadgruppa ved Elisabeth Lid tek denne saka opp med kommunen og spyrje kvifor det er alt selt hus i bustadfelt til ferieformål. Anne tek dette opp med Elisabeth.

Sak 9. Ymse

Framlegg om at Lise Wiik vert invitert på måndagsmiddag.

SP vil arrangere krinsmøte i Vinje skulekrins. LiviVinje deltek på det møtet.

Neste møte:   7. Juni

Ref: Ellen

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills