Liv i Vinje

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for LIVIVINJE

Desse møtte:  Britt, Eric, Anders, Aasmund og Anne

Anders la fram denne sakslista:
1. Nytt og godt sidan sist.
2. Kan me bli samde om vedtekter?
3. Kan me underteikne eit stiftingsdokument?
4. Kor er me i høve til tomter? Og kva med tome hus?
5. Korleis taka fatt i søknaden til kommunen om prosjektstøtte?
6. Kven gjer kva vidare?

1: Nytt og godt sidan sist:
-  Mange av oss har fått spørsmål om når måndagsmiddane  startar opp  att!!  Så gledeleg!! 
- Folk er interesserte og lurar  på kva som kjem til å skje framover.
- Liv Lofthus har overteke som kontaktperson for Måndagsmiddane etter Ellen Nordstoga.
- Fleire tilflutte til Smørklepp! Godt at hus fyllest og fleire busèt seg i denne skulekrinsen! Nettupp det me arbeider for!
- Mange lurar på kva med badeplassen på Sandnes,-  dei få dagane det har vore varmt i sommar, i alle fall!
Eric har sett nærare på det: Litt innvikla eigartilhøve der; både Statskog, Statkraft og private. Han vil sjå nærare på kva planar som ligg føre for området.
- Saksa frå  Vest Telemark Blad: Frå 1.mars kan dei som brukar Norsk Tipping sjølv velje om eit lokalt lag eller foreining skal få delar av det dei spilar for.  Kan dette verta aktuelt for oss på nokon måte?

- Om vi skal finne på noko særskilt innan denne skulekrinsen, kva kan det bli, tru?  Kanskje 6.april kan vera noko å gripe fatt i. Det er jebusdagen til Åsmund Olavson Vinje, og det som regel påske på dei tider..  Han var ein interessant kar som våga å tenkje sjave og gange sine eigne vegar, så me treng ikkje berre tenkje litteratur når det gjeld han............Han sa: Alle må ein gong om året vera galne og snu uppned på alle ting !  Tor me/vil me gjera noko i den lei då, tru? Kva med
Den fyste enternasjonale paafonndajen ?

2. Kan me bli samde om vedtekter:
Anders hadde førebudt vedtekter  med utg punkt i dei som Øyfjell City har.   Me er eit  interimstyre. Me arbeidde med vedtektene resten av møtetida, og vel så det...

Ref. Anne T. R

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills