Til stades: Olav,Ellen,Anne, Inger Lise og Britt
Saker:
1. Sidan seist: Olsok – bålet frå Jonsok blei tent og det møtte ca. 30 stk. Annonsa i VTB kom aldri på trykk, dei beklaga det og lova oss gratis innrykk neste gong. Autofest – mange gode attendemeldingar, positiv atmosfære og nøgde deltakarar. God planlegging.
2. Referat frå seist møte: Ellen referera og ho tek kontakt med Knut Våmartveit vedk. hogging/rydding i Haugminne.
3. Måndagsmiddag: Startar opp at 3. sept. Anne tek kontakt med Liv, det er hennar gruppe som står for tur no.
4. Leiar i Liv I Vinje: Anders skulle ha permisjon frå vervet i 4 mnd., dei har no gått, men situasjonen hans er endå uavklara, så Anne fortsett fram til neste styremøte.
5. Vinje Jordfræsarlag: Anne, Marit Sande og Ole Dalen har hatt 2 møte i juli, om ein plan for dette prosjektet. Ole har laga eit utkast, som styret meinte kanskje var i overkant vidløftig. Styret mina det er lurt å starte i det små og sjå kva det kan utvikle seg til å bli. Me har ikkje eingong avtale på noko område å bruke. Kan det vera ein ide`og besøke Århus Gård på Hoppestad i Skien for å sjå korleis dei har organisera dette? Anne tek det med seg attende i møte med Marit og Ole. Ellen ser ikkje no at ho har krefter til å engasjere seg i laget og Olav overtek hennar plass inn til vidare.
6. Møteplan: Fyrste måndag i mnd: Flytmøte, fyrste onsdag i mnd: Styremøte.
7. Evalueringskvelden 19. sept.:
• Me startar kvelden kl 18.
• Me går for planen slik den ligg no:
• Velkomen v/??
• Presentasjon av resultat v/??
• Bulyst v/Elisabeth
• Ny Næring v/Eivind
• Arrangement v/Silje
• Lage ark med spørsmål til diskusjon rundt borda, ein frå kvar gruppe bidreg i plenum og arka blir levera inn til referent.
Denne saka blir teken opp att på neste møte.
Haugen 23.08-12.
Britt Rønningen