På styremøte i Liv i Vinje onsdag 30.jan var det semje om å gjeva uttale på krinsmøet om skulesaka på Vinjar 6.februar.
Me er takksame for at Vinje kommune steller til dette krinsmøtet her på Vinjar slik at me i bygda får høve til å uttala oss om kva me meinar om framtida til Vinje skule. Vinje skule er ein viktig del av lokalsamfunnet vårt. Spørsmål om skulen sin eksistens trengs difor å drøftast ikkje berre i dei avgjerande organ uti ?mot, men blant oss som bur her i Vinje skulekrins.
Det er mange kommunestyre rundt om som legg ned grendeskular for tida, og ein kan stadig lesa i avisene om bygdefolk som strevar for å halde på skulane sine. Bygdefolka blir møtte med motargument om pengar og økonomi, at det blir for dyrt å oppehalde grendeskulane... Så blir det opp til bygdefolka å argumentere for dei menneskelege og kulturelle verknadene slike nedleggingar vil få.
Diverre er det ofte dei med pengesekken som får viljen sin igjennom i desse sentraliseringstider, men det spørs om det er ein seier likevel.......
Men det er ikkje den økonomiske situasjonen i Vinje kommune som gjer at me i Vinje skulekrins no står midt oppi spørsmål om nedlegging av Vinje skule.
Denne saka har ein meir uvanleg vinkel. Bygdefolket får her ei sak i fanget fordi nokre foreldrepar ynskjer å støtte borna sine, i alt 9, i å slutte på Vinje skule og byrje på den nye skulen i ?mot frå hausten 2013.
Grunngjevinga, som er opplyst offentleg, er at dei syns det blir for få elevar att å vera med på Vinje skule.
Medan ?motelevane går på Vinje skule i 5., 6. og 7.klasse dette skuleåret, er det 58 elevar der, og frå hausten vil det vera att 18 om dei 9 som er søkt overflutt, framleis skal vera her.
Då grasrotprosjektet Liv i Vinje vart etablera for vel 3 år sidan, var Vinje skule ein viktig del av det. Lysinga til det aller fyrste bygdemobileringsmøtet i mars 2009 stod Vinje skule og dei 3 grendelaga i krinsen for.
Med eit prosjekt som Liv i Vinje vona me at det ville inspirere til å halde på skulen, sidan den hadde hatt minkande elevtal ei tid. Og at det å ha ein liten grendeskule med god kvalitet kunne gjera det meir freistande for nye folk å busette seg her.
2
Ein grendeskule er noko meir enn berre ein stad der elevar fær kunnskap. Ein grendeskule er ein samlingsstad for bygda, eit kulturelt sentrum. Der feirar me 17.mai, der møtest me til joletrefest, derifrå fær bygda innbjoding til basarkveldar og deltek for fullt med gevinstlaging, og møter på skuleavslutningar.
Det er både kjærkomi og populært å ha elevar i nærleiken td til å hjelpe med underhaldning på samkomer. Liv i Vinje har ved fleire høve hatt glede av det, seiste på folkemøtet i september og på joleavslutninga av måndagsmiddagane.
Og om me fèr forbi skulen på dagtid, er det trivlege å høyre skrik og skrål frå ungane som er ute og leikar. Og me ser lærarbilane på parkeringsplassen som minner om at skulen òg har nokre viktige arbeidsplassar i bygdi.
Om 9 av elevane startar opp i ?mot til hausten, er det att 9 elevar her! Det er få elevar. Men ingen med avgjerande mynde har endå sagt at Vinje skule skal nedleggast om det er att 9 elevar her. Men ein del vil nok meine at då er skulen for liten til å halde fram.
Kva med dei 9 elevane som ynskjer å vera på Vinje skule, dei som foreldra ikkje har søkt om overflytting for ? Blir skulen nedlagt må dei reise til ?mot på skule anten dei vil eller ikkje.
Dei som ynskjer borna overflutt til ?mot, har sjølvsagt høve til å gjera det dei meiner er til det beste for ungane sine- Og med denne uttala ynskjer ikkje styret å skapa skuldkjensle hjå dei for at det kan føre til nedlegging av skulen
Om skulen no blir nedlagd, er me redde for at det blir vanskeleg å få skule her att, sjølv om elevtalet skulle auke att seinare.
Vinje skulekrins går frå og med Særensgrend til Grungebru. Strekninga Grungebru-?mot skule er 25 km og tek om lag ein halv time å køyre med skulebuss. Att og fram blir dette 5 mil og omlag ein time på bussen
kvar dag. For elevar som ikkje bur like ved Vinje skule, må dei på skulebuss om dei skal til den skulen au, men det blir ikkje så langt og tek ikkje så mange minuttane.
Med lengre skuleveg blir det meir tid på skulebussen. Er det ynskjeleg?. Borna er berre 5-6 år når dei startar på skulen. Kva med bilsjuke? Kva med problem på skulebussen? Og kva med at skuledagen såleis blir lengre enn han alt er?
3
Her er mange moment som veg i positiv lei for Vinje skule:
- Stuttare veg til skulen, gjev mindre tid sitjande på buss.
- Svært god leikeplass, som fleire elevar saknar etter at dei har kome til ?mot på ungdomsskulen. Så kva då med dei elevane som er yngre og har endå meir trong for leikeplass? Det er og ein stor føremon at alle elevar kan leike der på tvers av aldersgrensene.
- Mjuk overgang frå barnehagen til skulen. Borna er i det same området som dei alt er kjende med. Det er berre å opne porten i barnehagen så er dei på skuleplassen!!
- Svært flott natur som ligg rett i nærleiken av skulen. Det er ikkje langt til badeplassen på Sandnes, og fisketilhøve er det like nedanfor skulen. Skiløyper og turområde er like ved.
- Mange kulturminne med spanande historie som elevane har gangavstand til.
- Gardar med sauer, kyr og geitar i nærleiken.
- Små klasser gjev eit oversiktleg klassemiljø og læraren kan ha god kontakt med kvar elev.
Dette var nokre fakta om goder ved Vinje skule som me syns er viktig å få fram. Kanskje har Vinje skule verdiar som veg opp for at det ikkje er så mange elevar der?
- Når det gjeld skulen sitt indre liv kan ikkje styret for Liv i Vinje uttala seg om det.
Me syns det er tregalege om skulen blir nedlagt.
Ingen folk er like og det gjeld sjølvsagt ungar òg. Om nokon born ynskjer å ha fleire med seg i klassa, så er det andre som trivest med få, svært få. Nokon kjenner seg bortkomen blant mange i større klasser og på store skuleplassar, andre trivest med det. Derfor er det godt om det i ein kommune finns både grendeskular og støre skular.
Kan det finnast utradisjonelle og kreative løysingar for å halde Vinje skule i gang?
Kva med ein idédugnad?
Liv i Vinje arbeider for eit aktivt bygdesamfunn og syns derfor det er vanskeleg å vera med på skulenedlegging.
Skulen skal fyrst og fremst vera til det beste for borna. Stor eller liten skule, derom strides dei lærde og ulærde stadig.
4
ER DET YNSKJE OG VILJE til å halde på Vinje skule, så finns det kanskje løysingar. Har administrasjonen i Vinje kommune undersøkt andre løysingar og snudd alle steinar?
Ført i pennen og opplese på òpe folkemøte på Vinjar 6.februar 2012.
For styret i Liv I Vinje
Anne T Romtveit