Liv i Vinje

LIVIVINJE Stormøte


den  13. februar 2013

Det møtte 34 personar i alt.

Velkomst Anders Sandvik leidde møtet og ynskte velkomen. Etter tre år med Livivinje frå fyrste møtet den 5. mars 2009 har nokon møtt på omtrent 200 tilstellingar eller møte. Mange er innblanda i å  halde ymse tilstellingar gåande.
Han  lova kaffipause etter allsong. Millom bakkar og berg.

Treårsforteljing vart halden av Anne Romtveit. Denne skal ligge på heimesida www.livivinje.no

Øyfjell City var inspirasjon til Livivinje.

Emilie Asplin kom frå Øyfjell og fortalde om livet i Øyfjell etter Øyfjell City vart avslutta.
Ho  er no leiar i Øyfjell utvikling . Der er dugnadsgrupper som konsentrerar seg om tre ting:
Kultur  , næringsliv og rekrutering/tilflytting.
Etter Øyfjell City har skulen ei positiv utvikling.
Folk  tek ofte kontakt med tanke på å etablere seg i Øyfjell.
Dei  har museums og torgdag.
Nettsida vert stadig oppdatert og difor kan folk som bur langt vekk også fylgje med på det som hender i bygda.
Folk  flyt heimatt og dette dreg andre med. Det er bygd mellom 5 og 10 hus  dei siste åra.
Dei  som er frå bygda har lettare for å finne seg tomter for dei nyttar lokalkunnskap og kjenningar.
Emilie kjenner til at 5-6 par gjerne vil flytte heimatt.
Bui ,skulen og barnehagen.
Der  er rydda mykje mellom vegen og elva men dette er mykje arbeid og tungt å halde i gang.
Det  er lettare å taka steget å flytte heim ,når det vert så mange at alle kan finne nokon dei kan trivast med.

Innflyttaren Anders Sandvik sa at han ikkje har kjend noko til Janteloven etter  han flutte til
Vinje  . Urinnbyggarane kan ta det til seg, og måtte ingen andre heller kjenne dette lovverket på kroppen.



Ordet fritt til idemyldring.

Ole  J Romtveit føreslår at det vert arrangert «Heimehelg» for innfødde som bur utanbygds.
Signe Bråstøyl vil ha snoskuter løype for å lokke unge heim.
Øystein Romtveit vil gjerne at nokon dreg opp på høge fjelltoppar og sender opp nyttårsfyrverkeri . Dette med tanke på alle husdyra som vert skremde og det vert eit fint syn nede i bygda. Det kan også vera  ein tanke å arrangere turar med kjendtmann både sommar og vinter. Døme: tur til Samastad , skitur frå Bykleheia og heim forbi Finnebu.
Fiskekonkuransen som var på Våmarvatn bør takast oppatt ,der eller på Vinjevatn.
Kari Tellefsen minner om at leiketorsdagane som var på skuleplassen for mange år sidan gjerne kan takast opp att.
Aslak Krossbakken kan gjerne vera med på å dra igang fiskekonkuranse.
Harald Kvålen fortel at nokon av dei som no er i 20 åra og har gått på Vinje skule har prata saman og dei kan vera på veg til å etablere seg her. Vil gjerne at nokon tek kontakt for å finne ut kva som må  til ,for at dei skal gjera alvor av å slå seg ned her. Det er viktig at dei som er herifrå er dei ein prøvar å få hit, dei vert stabile innbyggarar.
Liv Lofthus seier at det viktigaste er at det er hus for dei som vil bu  her. Dei tomtene som er lagt ut er det best at kommunen tek seg av.
Tore Olav Svalastog nemner avisinnlegget frå Knut Olav Edland der han tek  til orde for ei ny løysing på bustadomsetjinga. Han føreslår at  det skal verte enklare å selje bustader til hytter for på den måten  å få att meir ved eit salg.

Prosjektleiarane Silje Hegg og Elisabeth Lid frå VTNU rødde om prosjektrapporten som ligg på heimesida www.livivinje.no
Effektane av eit slikt prosjekt kjem etter kvart. Det startar med at dei som kan tenkast å flytte heimatt byrjar å tenkje , dette tek tid. Det er viktig at både hus  og arbeid som vert ledige vert lyst ut for å synleggjera at det førgår endring/utvikling.

Påfonnprisen. Ellen dela ut prisen. Ho hadde samle mange opplysningar om prisvinnaren, så alt frå skonummer til livrett og interesser er  kjendt av dei som var til stades. Prisvinnaren vart Aslak Krossbakken og Vinje løypelag. Han dela æra med andre som er med i løypelaget. Inger Lise takka på vegne av skulen for oppkøyring av løype frå skulen og ut til enden av prestegardsjordet. Han hadde også bora  hol  i isen og mata hola slik at skuleelevane kunne drive isfiske.

Valg det vart valt eit  nytt styre .
5  faste styrefolk og 2 vara. Styret konstituerar seg sjølv.

Desse: Øystein Romtveit
Ole J Romtveit
Torunn Tvedt
Åsne Vesaas
Signe Bråstøyl
Anders Sandvik
Olav Rui (  dei to siste er resirkulerte)

Ymse Liv etterlyste større oppslutning om joletrefesten. Skal den overleva må fleire syne interesse.

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills