Desse møtte: Ole Johannes Romtveit, Anders Sandvik, Åsne Vesaas, Olav Rui, Øystein Romtveit, Torunn Tvedt og Signe Bråstøyl
1. Nytt og godt
Påfonngagen var vellukka, fiskekonkuranse, Myranhuset er solgt, Knut Erik Jordstøyl har kaupt det. Mogleg at pylsemakar frå Nederland flyttar dit.
Jon Arild Hovden har fått konsesjon på Vinjerui.
Heimesida bør innehalde program over påska med ulike aktivitetar. Ligg mange fine bilete ute på nettsida vår.
Olav Rui har lagt ut to halve stokker burt i Smørkleppdalen til å sitje på. Lage liste over stadar det kan vera aktuelt. Kontaktperson Olav R.
Gamle styret har hatt eit avsluttningslag på eiga rekning 2.april.
2.Endring av vedtekter
Anders har laga forslag til endring. Mykje arbeid er gjort frå før, kun endra det som var naudsynt. Endra frå prosjekt til samansluttning.
Anders gjekk igjennom endringar og vedtektene er enstemmig vedteke på styremøte
Leggast ut på heimesida.
3.Få til varierande tiltak på jobb og fritid på Vinjar
Viktig at det vert aktivitet på Vinjar når skulen vert lagt ned frå hausten.
Næringshage, kulturnæringshage, museum..........
Er ein kjempemogleghet for ulike aktivitetar. Arbeidsplassar som ikkje er offentlege.
10 års perspektiv med 20 arbeidsplassar, er det reelt?
Ide dugnad? folkemøte på Vinjar? Kontorfellesskap? skrivarstoge?
Må få til mange ulike verksemder og ikkje bare ei stor.
Kontakt Baiba Sheine i OVU. Rådmannsteamet skal utarbeide ein plan for etterbruk av Vinjar før sommaren 2013.
Omvisning på huset kan vi ta på neste møte.
Ole Johannes tek kontakt med Vinjarlaget ved Åsne Midtun.
4.Korleis gjekk det med den 4. Påfonndagen
Referat frå Påfonndagen 2013
Skirenn for små og store. Deretter grendecup og til slutt hopprenn.
Det var mange som hadde funne vegen til Påfonndagen i år. 85 påmeldte i ulike klasser, samt eit stort publikum. 38 born som fekk kvar si skei.
Me hadde strålande vêr og supre løyper. Matsal sto Gardsmatbue for.
Skeiene er no blitt så dyre, 172 pr stk, at kontingenten ikkje lenger dekkjer utgiftene. Sette difor prisen til kr 100 for alle med familiepris på kr 250.
Ein bør og sjå om ikkje tida er inne for å endre premien. Kome forslag om medalje med bilete av Aasmund Olavsson Vinje på eine sida og Påfonndagen + årstal på andre sida. Det vart laga diplomar av Kari Nestestog til dei med best kostyme, beste hopp, vinnar av langrenn, beste fall. I tillegg fekk dei twist.
Twistposane var sponsa av Rema 1000.
Speakeren vår kunne dessverre ikkje stille og då fekk me vanskar med å finne nokon i staden, men løyste seg med at Øystein, Signe og ikkje minst Anders tok seg av denne jobben.
Mykje skal ordnas før eit slikt renn. Også mange smådetaljar som bør skrivast ned til seinare.
T - skjorter til sals for å få inn litt inntekter. Motiv Påfonndagen og Aasmund Olavson Vinje og evt sitat.
Startnummer vart lånt frå Vinje Il. Desse er veldig små. Kanskje me skal sjå på dei som er på Vinje skule evt stelle dei?
Me fekk og god hjelp av Åshild Heie og Statkraft til mål/startfane.
Sigurd Midtun hjelpte til med trafikk og skilt.
Fungera svært bra med å ha alt saman ute, og iht premieutdeling
Avslutta dagen med Etterpåfonn på Mjonøy. Kom ca 40 personar.
Lage huskeliste over ting me må ha med:
Nr lister - Anders har dette ferdig laga.
Vekslepengar
Trafikk
Sal av mat?
Varaspeaker
Tidsplan for dagen på plate.
Bilete på nettet tatt ut av Luke.
Megafonen er lånt på Vinjehuset - Anders leverar den attende.
Økonomi: kom inn kr6200,-
Alle i styret var i komiteen. Kan evt lage komiteer for dette arbeidet.
5.Aktivitet på livivinje.no
Silje Hegg og Anne Janicke Lid har adm tilgang på Facebook. Nettsida administreras av Luke og Kari.
Kan evt ungdomsskoleelevar vera aktuelle iht å skrive ting på nettsida?
Kurs med Kari og Luke? Kurs neste styremøte?
6. Ymse
Nye folk til bygda - Kirsti Romtveit med mann - Ole Johannes reiser med helsing.
Eit trykk av Hallbjørg Strøm via Handverkslaget.
Datakurs?
Inntektskilder. Søkje pengar av Statkraft. Åsne lagar søknad.
Annonse - sponsa av diverse bedrifter. Spørje om dette før annonsering.
Ref. Signe B