Nok ein gong skipar me til tradisjonell Jonsokfest på sletta ved Uen. Ein lokal pyroman set fyr på bålet kl 18. Grasvollen ned mot vatnet blir slått, og Livivinje fiksar grill til alle. Det blir leikar for barn i alle aldre. Me satsar på hesteskokasting, kubb, fotball, volleyball, tautrekking, kone- og barnebering og det folk elles måtte finne på å ta med seg av moro. Godteripremiar til alle! Det blir salg av is frå klokka 19. Nytt av året er at me freistar å få til litt allsong når det lir litt utpå. I år som tidlegare reknar me med at folk held ein fornuftig alkoholprofil på familiefesten. Tak med grillmat, noko å sita på, familie og kjente og småpæning til is.