Liv i Vinje

Onsdag 5.mars smalt me i gang med fullt trøkk på Vinjar. Nesten 90 vinbygjer i alle aldre stilte opp denne onsdagskvelden for å rø om framtida vår. Grendelaga hadde reist rundt med innbjodingar og sytt for mengder med kaffe, saft og nydelege kaker, slik at ramma var perfekt. I tillegg bidro skuleelevar og andre lokale krefter med kulturelle innslag. Ei veldig positiv samtale resulterte i ei lang liste med god forslag til aktivitetar, og 44(!) personar sette seg opp på lister for å bidra. I ettertid vart dette delt inn i Litt av kvart gjengen, Måndagsmiddagsgjengen, Musikk-, kor- og dansegjengen, samt Traktor- og sjauegjengen.

Ei direkte oppfylgjing av dette vart måndagsmiddag på Vinjar. No har me arrangert dette tre gonger med mellom 40 og 50 nøgde deltakarar. Dei seier at maten smaker og at røun gjeng gødt. Alderssamansettinga vor frå 7 månader til 84 år. Traktor- og sjauegjengen er i gang med tømmerarbeid i høve til brua over Vinjeåi, medan Ingvild Nordstoga no startar opp song ved livets byrjing. Vidare har me hatt eit oppfølgingsmøte for alle som sette seg på bidragslistene. Her kom det 27 personar for å meisle ut vegen vidare. Mellom anna vart det livlig diskutert kring grendelaga si rolle i mobiliseringsarbeidet. Dessutan var det mykje snakk om prosjektnamn og vilja til å opprette ei heimeside. Dette skal vere eit prosjekt der alle skal slippe til, men møtet falt ned på at dei fem som hadde mest lyst til å stå på no, skal utgjere eit arbeidsutval inntil prosjektet kjem inn i meir formelle former. Utvalet hadde møte 15.04.09 der arbeidsoppgåver vart fordelt og domenenamnet vinjenytt.no ble valt. Ein kan lese meir om møta i referata som etter kvart vil bli lagt ut her.

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills