Elevane presenterte kulturinnslag dei hadde laga sjølve.
Innleiing v/ Ellen [Nordstoga]:
1973: Vinje skule blei bygd (Bøgrend + Smørklepp skular blei slått saman). I dag: 31 elevar
Me treng barn for å behalde barnehage og skule. Meir trivsel og liv i bygda? Korleis? Kva skal me bruke Vinjar til? Meir tilgjengeleg og interessant? Øyfjell og Lårdal har klara det – då kan me au!
Yes we can, we too!!
Musikalsk balsam v/ Ingvild [Nordstoga], Sonja [Sandvik] og Anders [Blystad]:
Dei framførde 2 nye songar for oss, den eine laga av Anders, den andre av Ingvild.
Ordføraren [Arne Vinje] har ordet:
Takka dei som har tatt initiativet til denne kvelden. Lågt elevtal trugar skulen, ikkje nedskjering i kommunen. Innbyggartalet i Vinje har auka med 27. Tida er inne for å auke her i krinsen også! Arne fortalde litt om Øyfjell City, og kommunens engasjement i dette prosjektet. Kva kan me lære/bruke av Ø.C. sine erfaringar? Forankra i bygda og i innbyggarane. Folket er den viktigaste ressursen, ikkje dei kommunale kronene! Samordne initiativ, setje i gang, skape trivsel.
Mål: gode trivelege møteplassar. Det trengst m.a.: Tomter, vegar, bustader. Vinje kommune har interesse for at det blir sett i gang eit prosjekt her i bygda.
Jon Rikard Kleven frå Øyfjell City:
Fortalde om utviklinga i Øyfjell. Nokre personar må bruke litt fritid i 2-3 år for å dra dette. Prosjektleiar? Kommunikasjon med politikarane er viktig heilt frå starten. Møte m/ partia. Ikkje undervurder dette! Integrere så mange som råd i prosjektet, ta med alle som vil.
- Kartlegg ressursar kva er me gode på?
- Verkemiddel
Bruk bygdelivsmeklaren. Optimistane har det mykje morosamare enn pessimistane! VER OPTIMIST.
Svein Ringhus:
Lag oppslagstavle mellom skulen og barnehagen, etter modell av kyrkja. Pippen lagar den sikkert!
Signe Bråstøyl – leiar av FAU v/ Vinje skule:
Bygda vil ha liv og røre, det vil FAU også. Færre barn, færre foreldre. Bøn til bygdefolket: Still i komitear og ver med å få til t.d. 17. mai. Kva er 17. mai utan korps?? Vil du spela, så ta kontakt med Signe. 21. mars er det aktivitetsdag i Smørklepp, for barn i barnehagen og elevar v/ skulen. Andre kan også koma. BLI MED PÅ FELLES ARRANGEMENT!
Ingvild Nordstoga:
Me skal lage ei ny storhetstid på Vinjar. Ikkje sitje på kvar sin kant, men gjera noko saman! Her er mykje ressursar i bygda.
Anders Sandvik:
Teatergruppe, kinoklubb, barneteater, revy, korps +++. Få fram talenta, byrje i det små. Me må få fram entusiasmen for kvarandre. Me må legge til rette for dette. Dyrke noko av det me har hatt, og finne nye [aktivitetar]. Måndagsmiddag: Anders inviterer til dette om nokre veker! Vesaas sponsar!
Anne Romtveit:
Triveleg å koma her i kveld. Gruppe som har arbeidd med gang- og sykkelveg står som nr. 2 i trafikkplanen. Mange turvegar kan binde saman huskrullane.
Vil ha liv i ungdomslaget.
Kari Tellefsen:
Kva med eit lite kart? Skilt på vegen. Legge til rette for å gå turvegane på ski.
Elisabeth Kringlebu – leiar av Mogane grendelag:
Me vil også vera med! Hadde vore fint med sykkelveg frå Mogane til skulen. Bustader er viktig.
Anders Sandvik:
Kva hus, eigedomar er til leige/sals? Tenestetorget skal registrere.
Lotte Næss (arbeider m/ arealplanar):
Bygda utfordringar har ikkje så mykje med arealplanen å gjera. Kva kan me bruke arealet i bygda til? Viss me skal bygge nytt inn i arealdelen av kommuneplanen. Kommunen er lempeleg med å gje tomter til spreidd bustadbygging og næringsbygg. Nye huskrullar, prøvebustader må opp i arealplanen. Spør oss viss nokon har framlegg om noko!
Jon Rikard [Kleven]
Når begrensingane kjem: snu oss mot politikarane og få dei på lag. Grendehuset i Øyfjell har blitt ”kulturoase”.
Anders [Sandvik]:
Viss me ynskjer at det skal koma folk til bygda så må me ta eit oppgjer med kva me skal bruke alle tome hus til. Skal dei stå tome i 10 år til nokon vil bu der? Det gjer seg ikkje sjølv. Kvar enkelt har eit ansvar.
Liste m/ namn til arbeidsgruppe.
Øystein Romtveit:
Skulle hatt eit laug, ta vare på gamle ord, uttrykk, stadnamn osv.
Fiskedagar på Vinjevatn – utfordring til grunneigarlaget. Behald buplikta. Dialekten er viktig!
2 jenter:
Songgruppe for store og songgruppe for små!
Kari Vinjerui:
Forslag om karaoke-kveld på Vinjar.
Arne Vinje:
Viktig å finne stader å bu. Oppmodar alle om å seie frå om område me kan bygge bustader på. Både administrasjonen og politikarar vil stille seg positive til å få dette til. Dei unge må gjerne ut i verda, få seg utdanning, men me vil gjerne ha dei tilbake. Kva vil dei unge ha for at bygda blir attraktiv å koma attende til? Kartlegg dette! Når Øyfjell City er slutt, så er det denne bygdas tur!
Knut Krossbakken:
31 elevar. Utset deling av skulen frå 3-delt til 2-delt. Arrangement der me kan møte dei som kjem hit. Politikarane er positive til å få til utvikling i bygda. Skulen støttar det arbeidet som er sett i gang.
Anders Sandvik:
Viktig at nokon tør stikke seg fram. Back opp dei som tør, og vil, få til noko. Gje desse ein klapp på skuldra, ikkje hald dei nede!
Her er mange ressursar, me kan få til mange ting. Dette må me tru på! Me må våge å stikke oss fram og dele gode idear med andre!!
Referent: Gerd Lyngstad Kroken