Liv i Vinje


Til stades: Anders Sandvik, Øystein Romtveit, Signe Bråstøyl, Torunn Tvedt og Åsne Vesaas. Olav Rui og Ole Romtveit kunne ikkje.

Jol på Stekkjen: Anders tek opp att tråden og forhøyrer seg med dei rette involverte. Viktig å kontakte Jon Arild på Vinjerui også.

Datakurs for seniorar: Øystein skal kontakte Birger Kjelingtveit etter 15. okt. Han informerar meir om dette på neste møte.

Måndagsmiddag: Styret foreslår å auke prisane til 150,-/75,-. Dette blir det varsla om på middagen 7. okt og vert gjeldande frå 14. okt. 
For å spe på inntektene til måndagsmiddagane og LiV vil ein prøve å ha ei loddbok med trekning til jol. Alle prøvar å få tak i premiar, og seier ifrå til kvarandre dersom ein har fått tak i noko. Me vil prøve å koma i gang med utloddinga etter neste styremøte. Signe ordnar med bok o.l til neste møte.

Skulelokala: Eit av forslaga er å prøve å etablere eit bygningsvernsenter/kompetansesenter. Utfordringa er å få nokon til å eventuelt ta tak i dette og jobbe vidare med det. 
Eg kontakta Tove Elise Ihler som er prosjektleiar for Ressurssenteret for eldre landbruksbygningar, eit av Riksantikvarens utvalde verdiskapingsprogram. Ho hadde eit innlegg på seminaret som var på Vinjar om kulturminne. 
Eg kontakta ho fordi ho nemnte på aktuelle samarbeidspartar dersom ein ville få til noko liknande i Telemark. Prosjektet ho jobbar for er i Oslo/Akershus og delar av Hedmark og Østfold. 
Her er svaret eg fekk:
Tusen takk for sist, så fint at du ble inspirert. Jeg  snakket om Fortidsminneforeningen, som vil stå som eier dersom et slikt senter/prosjekt blir etablert. Bondelaget er også en ressurs å ta med seg på eiersida, men det kan jo også dreie seg om alle typer gamle hus. Bygdekvinnelederen ble også inspirert – hun snakket om å skrive et hefte og dokumentere gamle støler/hus. Jeg foreslo en levende kulturminneløype i stedet  - og det var hun og også Ellen Nordstoga med på. Så det er jo lokale krefter å dra inn i et slikt prosjekt. Så har du også Ingvill Garnås på Kulturlandskapssenteret i Hjartdal, de tilbyr rådgiving på restaurering – og har erfaring som et slikt senter kunne ha godt av/samarbeide med. Kanskje bygdekvinnene er en fin prosjekteier også? Leser at bygdekvinnene har søkt inn mange penger på matkurs i Gjensidigestiftelsen. Kanskje de kunne ha som framtidig prosjekt å i kulturminnevern og istandsetting. Jeg sender dette til Ola Fjeldheim, som kan kontaktes for videre info på dette.

Ein kunne også ha prøva og fått til årvisse seminar kring dette temaet.

Heimesida: Anders la ut nyhende om prisane på måndagsmiddagane.

Nyttårsfeiring: Det hadde vore moro og fått til felles vardefyring på nyttårseftan. Me snakkar meir om detaljar kring dette på neste møte.


Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills