Liv i Vinje

Desse møtte: Ole Johannes Romtveit, Øystein Romtveit, Anders Sandvik og Signe Bråstøyl
Fråfall: Olav Rui, Åsne Vesaas og Torunn Tvedt

Sak 1 Førebuing av årsmøte 2014

Årsmøtet vert måndag 3. Februar kl 17.30 rett etter måndagsmiddagen.
Saker er som vanleg årsmelding, rekneskap/budsjett, val og eventuelt innkomne saker. Paafonnprisen for 2013 delast ut på årsmøtet, kom gjerne med forslag på kandidatar.
Alle som bur i Vinje skulekrins kan sende inn saker med meir, samt stille til val.
Frist for innsending av saker og forslag til kandidatar til paafonnprisen er sett til 25. Januar og sendas til Ole Johannes.
Annonse vart ferdigstilt i møtet og sendt til Vest- Telemark blad.

Årsmelding og plan for 2014 - Ole Johannes klargjer dette til årsmøtet 3. Februar.
Rekneskap/ budsjett - Anders klargjer dette. Me har ca 30.000 pr dd. Ventar på nokre rekningar.

Fylgjande vart ikkje avklara:
Kven bestiller påfonnprisen - engel laga av Bibbi Tveito?
Dersom me vil ha ordføraren til å sei noko om kva kommunen tenkjer om vidare bruk av Vinje skule, kven kontaktar han?

Sidan dette ikkje vart avklara i møtet, får du Ole Johannes delegere denne oppgåva til ein av oss i styret.


Sak 2 Ymse
Vidare bruk av skulebygget.
Ole Johannes har vore kontakta av Silje Hegg hit bruk av skulen som litteratursenter. Dei ynskjer å bruke heile hovedetg til dette. Tenkjer på sikt at det kan gje 6 arbeidsplassar, men ingen ting er avklara i høve til finansiering med meir. Liv i Vinje bør få ei orientering om saka, då me bør vita kva me kan forhalde oss til.

Me meiner at det må utarbeidas eit eigendomsprospekt slik at eventuelle næringsdrivande får høve til å sjå kva moglegheiter som er her. Liv i Vinje bør purre på kommunen.

Datakurs.
Kun 6 påmeldte, men avventar litt til for å sjå om ein får til nokre fleire deltakarar.
Øystein tek hand om dette.

Ref. Signe B

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills