Desse møtte: Anders Sandvik, Luca Strappafelci, Torunn Tvedt, Øystein Romtveit, Ole Johannes Romtveit og Signe Bråstøyl.
Meldt fråfall: Åsne Vesaas.
Sak 1 Påfonndagen
Palmesondag 13. April kl 13.00
Skirenn, hopprenn og grendecup på 3 mannski.
Etterpåski på Mjonøy med underhaldning kl 1800
Fordeling av oppgåver i samband med Påfonndagen:
Anders:
Skaffa ny type premier i år, kjempefine
Skaffar fenalår med sylvholk- vandrepremien til Grendecupen. Spør Vinje slakteri.
Tek med 3. Mannski og Bålpanne
Kauper inn partytelt 6 x 10 meter til ca kr 7000,- dette set me opp på nedsida av vegen ved skiløypa.
Øystein:
Spør Vinje gardsmat om sal av mat og drikke.
Spør løypelaget om løypekjøring + hopp. Her må fleire vera med. Øystein får med seg nokon.
Luka:
Trommevirvel ved hoppet under hopprennet evt får til husband.
Hjelpe til med å lage hopp.
Signe:
Skaffar målsegl - evt får laga eit for Liv i Vinje. ( tykk med Liv i Vinje sin logo) Ansvar for registrering frå kl 13
Torunn:
Ansvar for etterski med underhaldning på Mjonøy kl 18 Registrering saman med Signe til skirennet, registrering frå kl 13 Skaffar startnummer.
Ole Johannes:
Spør Bjørn Bø om å vera Speaker.( spør om å få låne megafon på Vinjehuset) Bestiller påfonnprisen for 2013 hjå Bibbi Tveito.
Vi må lyse etter kandidatar ved å legge det ut på nettsida + facebook og påminning på måndagsmiddagane Ansvar for annonsering:
Spør bankar om sponsing til annonse.
NB!
Partyteltet kan ved seinare høve brukast på Jonsok, samt leigast ut ved behov.
Sak 2 Datakurs
Det vert dessverre ikkje datakurs, grunna for få påmeldte
Sak 3 godt nytt
Fleire unge som buset seg i krisen.
Liv laga med måndagsmiddagen. 5 års jubileum 23. Mars.
Bestille kake til jubileet.
Ole bestiller kake og journalist.
Torunn kan vera vikar på matgrupper ved behov. Ho tek kontakt med Liv Lofthus.
Invitere dei ulike arbeidsgruppene til neste styremøte.
Sak 4
Fordeling av arbeidsoppgåver i styret:
Ole Johannes, leiar
Anders, betalar rekningar
Referat går på rundgang og den som skriv sender e -post til Kari Nestestog og ho legg referat inn på Liv i Vinje si nettside.
Neste møte vert 26. Mars kl 19.30
Me har kome ut av den faste møtedagen, me frå mai vil ein vera i rute att med 1. Onsdagen i månaden.
Referert
Signe Bråstøyl