Liv i Vinje

Dei faste arrangementa er halde, alle i god stil og med god deltaking. Det er jamvel kome eit nytt arrangement som me vonar blir tradisjon. Dette er vardebrenning på ettermiddagen nyårseftan.
    
    Paafonndajen i Bakkane (Bøgrend)
Denne dagen var det strålende påskever og løyper og hoppbakke var oppkjøyrt av Aslak Krossbakken med fleire.  Det var 85 påmelde og av desse fleire utabygds med røter i Vinje. Tre typer renn ble halde, alle med god deltaking og innsatsvilje. Renna var kostymerenn på trimannski, langrenn og hopp. Gardsmat servera varmmat og drikke. Mange fine bilete er å sjå på heimesida  HYPERLINK "http://www.livininje.no/"www.livininje.no. Aslak Krossbakken og Vinjeløypelag fikk Paafonn-prisen for å kaupe løypemaskin og lage skispor på Våmartveit.
    
    Fiskekonkurranse i påska
Grunneigarlaget i Bøgrend med Aslak Krossbakken i spissen arrangera fiskekonkurranse på Vinjevatn på skjærtorsdag i påska. Det var god deltaking og fiskelyst, men snaut med matfisk denne gongen. Mange fine bilete er å sjå på heimesida.

    Jonsok
Veret var utrygt denne dagen men tross tunge skyer holdt det tett til bålet var tent og til maten fortært så nokon lunde. Men så kom regnet og da blei det fart nokon som hadde ei teltløysing på lur. Rask ble det satt opp eit partytelt og der samla folk seg. Tradisjonen tro kunne ein kaupe is.  Mange fine bilete er å sjå på heimesida.
    
    Vardebrenning ved nyår
Øystein Romtveit kom med eit forslag om å tenne vardar i bygde ved nyårsleite. Vardebrenning er ein gamal tradisjon og det er fint å sjå det brenn frå forskjellige utsiktspunkt i bygde. Det blei til at me samla oss i Veggsfjellie. Dit var det frakta eit traktorlass med honved til eit lystig bål. Det var godt oppmøte, 30 personar fra Nederland, USA, Frankrike, Italia og Noreg. Spesielt kan det nemnas at mange yngre menneskje som tenkjer på å flytte heim til bygda sette pris på denne tilstellinga.
 
    Måndagsmiddagar
Måndagsmiddagane held fram i god stil. Dette er det største arrangementet til Liv i Vinje, og det tyder mykje for det sosiale livet i bygde. Det er og ei viktig inntektskjelde for oss. Det er faktisk den einaste faste inntekta me har. Liv i Vinje tek ikkje inn medlemspengar etter som ein reknar alle som bur i krinsen som medlemmar.

    9 styremøte  
Der er arbeid kontinuerlig i styret med å skape ny aktivitet i skulelokala etter at det blei vedteke å legge ned skulen. Dette er ei viktig sak for Liv i Vinje. Styrerepresentantar har hatt møte med næringslaga og anna.
Me har berre gjort eitt bygdebrev i år og det kommer av at alt arbeid i Liv i Vinje no skjer med ulønna innsats. Ein må rekne med 220 kopiar av bygdebrevet om alle skal få det i postkassa.
Me brukar og tid på å tenkje på kva som kan vera ein bra veg frametter i høve tilflytting og arbeidsplassar.
    
    Gruppene
Velkomengruppa har delt ut trykk av Hallbjørg Strøm. Det er vår politikk å besøkje alle tilflytte og ynskje dei velkomen til bygda med å gje dei dette trykket. Tilsammen .. barn og .. voksne har flytta til krinsen i 2013. Fråflytting, fødslar og dødsfall verker også inn på befolkningsstatistikken.
Bustadgruppa har fått fram prospekt på bustadtomter. Prospekta finn du på heimesida.
Traktor og sjauegruppa har aktivitet i tilknyting til arrangementa me held.
Litt av kvart gjengen har aktivitet i tilknyting til arrangementa me held.

    Dugnadsinnsats
Måndagsmiddag: Omlag 36 måndagsmiddagar er arrangera, der tre personar gjer arbeid tilsvarende 15,5 timer per gong. Det blir 558 timer per år.
Styrearbeid 170 timer
Vardebrenning 10 timer
Paafonndajen 21 timer
Summerar ein timane nærmar det seg eit halvt årsverk !

    Facebook
Liv i Vinje er jamvel på Facebook.
    
    Budsjett
Inntektene vil fortsette å kome frå måndagsmiddagar samt loddsal og inntekter ved arrangement. Utgifter har vi når vi må annonsere arrangement, til premier, jolemiddag og til trykking av bygdebrev og nokre andre mindre utgifter.

    På val
Kven er på val i år?

Torunn Tvedt, Åsne Vesaas, Signe Bråstøyl, Olav Rui, Anders Sandvik, Øystein Romtveit og Ole Johannes Romtveit har sete i styret for LIV i 2013.

 

                        Ole J. Romtveit, Roeng 3.februar 2014
                        med endringer etter årsmøtet.

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills