Liv i Vinje

Referat frå interimstyremøte i Liv i Vinje

07.10.09

Til stades: Eric Christenson, Aasmund Nordstoga, Anders Sandvik og Anne T.Romtveit

Pga forfall og sjukdom vart dette eit stutt møte, men me rokk å rø om at :
- Livivinje er no registrert i Brønnøysundregistret

- Søknad om prosjektmidlar til Livivinje må vera levert Vinje kommune
før 20.oktober. Anders skriv søknad.

- Det fyrste mobiliseringsmøtet var på Vinjar 5.mars i år. Referat frå det
møtet er ikkje maskinskrive endå, og derfor heller ikkje lagt ut på
Vinjenytt.no. Eric ordnar dette.

- Utbygging på Sandnes:  Dette har vore tema på styresmøte i Vinje
Grendelag 18.9.09.  Eric og Anne var med i det møtet.Dette er ei sak det      
vore arbeidd mykje med    på 1990-talet i Vinje grendelag, så der ligg
mykje skrivelsar om å   få til utbygging der.
Blant anna er der ei avtale mellom Vinje kommune og Statkraft
om masseuttak, som må sjåast nærare på.
Det vart bestemt  på styresmøtet i Vinje grendelag  å skrive brev til
kommunen for å få klarare opplysningar om kvar denne saka
står no. Og så arbeide vidare med saka ut frå kva svaret blir, og prøve
å  få fortgang i arbeidet med dette området.

- Vinje Håndverkslag er i gang med å måle matsalen på Vinjar, og
dei treng fleire målarar.  Vi gjev melding attende om at dei bør
kontakte Kari Tellefsen som er leiar for Litt-av-kvartgjengen.

- Vinjarjubileumet 30.des.-09
Aasmund opplyser at folk er i full gang med planlegging av program!

Ref. Anne T.Romtveit

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills