Etter som Ytre Vinje Skyttarlag hev fengi ny skjotebane i området til Liv i Vinje, vil eg gjerne få fortelje litt om skyttarlaget og banen.
Skyttarlaget i Vinje hev sine røtar frå siste halvparten av 1800-talet. Dei hadde øvingane sine på Evrebø.
Dette var ei blanding av idrott og ”våbenøvelser”.
Som eit av dei få land i verden hadde Noreg eit påbod om at det skulle finnast våpen på kvar heilgard i alle fall.
Det var ikkje so ulagleg, i og med at våpen var ein del av kvardagen for eit folkeferd som hadde jakt og fangst som naudsynt del av livemåten.
Etter 2. verdskrig fekk skyttarsaka ei uppblomstring. For Vinje sitt vedkomande gav Tokkeutbyggjinga ein kveik i same lei.
Men det gamle tradisjonsrike Vinje Skyttarlag fall burt, og gjekk inn i laget til ”ytringane”
Vinje hadde sin bane på Sandnes, og seinare med planar på Byrteheie. Eg minnest me var på skjoting der au. Men der var ikkje skivevoll og grav slik det var på Sandnes.
Interessa hev gjengi upp og ned. Det er med skyttarsaka som det er med som mangt friviljug lagsarbeid: det er personavhengig.
Det var ein nokso fast flokk skyttarar som heldt liv i skyttarsaka frå krigen og framover heile 1900-talet.
Etter kvart kom jegerprøvene inn i biletet og aktiviteten blei meir retta mot denne gruppa. Dei siste åra hev det vori lite konkurranseskjoting for skyttarane i vårt skyttarlag.
Men jaktprøvene hev haldi skjoteinteressa ved like.
Det ville vera ynskjeleg om den nye banen kunne få fram interessa for vanleg bane-skjoting på ny.
Me i skyttarlaget vil prøve få til skjoting også utom jegerprøvene.
Skjoting er ei fin konsentrasjonsøving.
Skyttarlaget vil stille med våpen både kaliber 22 og 6.5 (ute), godkjende av Det friviljuge skyttarvesen.
Inneskjotinga startar onsdag 12. nov. i Vinjehuset.
Me startar kl 17.00 (siste påmelding kl 18.30)
Der kan både ongar og vaksne koma.
Me hev våpen til utlån og ammunisjonen er gratis. Det blir eit innskot som blir betalt inn ved fyrste frammøte.
Dette innskotet gjeld ongane. Det blir skoti seriar på 25 skot kvar kveld. Dei som møter fram minst 3 gonger får ein liten deltakarpremie som gjer at dei fær like for innskotet.
Det blir gjevi skjoteinstruksjon og upplæring i våpenkjennskap og reglar for sikker handsaming av våpenet.
Det er høve til å prøve eigne våpen, men då berre kaliber 22 (salong-gevær). Men skyttarlaget ser helst at det blir nytta godkjende (Dfs) våpen.
Når de gjeld dei vaksne, hev me ikkje noko bestemt upplegg med tanke på skjoteprogram og ”premiering”.
Er det interesse for inneskjotinga , vil me ta med oss skjoteøvingane ut på banen til våren med faste skjotedagar. Her kan det òg nyttast kal 22. Eg trur det er mange som er interesserte, både ongar og eldre, kvendi og karar.
Så vil eg seia litt om banen og bruken av den. Det er some som undrast på om banen kan brukast fritt. Det kan han ikkje. Me hev ein streng baneinstruks godkjend av politiet. Den er slegen upp på skjotebanen.
Skjoting skal føregå etter ei oppsett terminliste som blir slegen upp på Vinje gardsmat og på skjotebanen.
Me er og underlagt ein kommunal reguleringsplan.
Både skiver og standplass skal haldast læst når ikkje skyttarlaget held kunngjorde skjotingar. Blir det skoti utom dei oppsette tidene, er det ikkje noko som er underlagt skyttarlaget, og skyttarlagets standplass og skiver blir ikkje nytta.
Eg vonar alle skjønnar at me må ha dette so pass strengt,
og eg vonar at aktiviteten vår ikkje blir til ulempe.
So ynskjer eg alle interesserte vel møtt til skjoting både inne og ute.
Olav Nordstoga