Før sjølve årsmøtet informera Ottar Greppstad i høve til Vinjesenteret.
SAKER:
• Val av ordstyrar og skrivar
Åsne Vesaas vart ordstyrar og Signe Bråstøyl skrivar.
• Årsmelding
Årsmelding vart lese opp og godkjent.
• Rekneskap
Anders Sandvik fører rekneskap for oss og la fram dette i årsmøtet. Rekneskap godkjent
• Val
Då Åsne Vesaas ynskjer å ut av styret, har me fått ein kandidat til å stille til val, Ingvild L. Nordstoga. Ho blei applaudert inn i styret.
• Innkomne saker
• Aktivitetar i Liv i Vinje. Skal me halde fram som no? Eller er det anna ynskje?
Forslag til aktivitetar frå årsmøtet:
• Ha ein presseansvarleg som har ansvar for å lage litt blest om ting som skjer i Liv I Vinje.
• Kunnskapskatalog – kven kan kva, oversikt over ressurspersonar
• Jonsokmoro for dei vaksne med dans etter at felles arrangement ved Uen er ferdig.
• Mail – liste over personar som kan tenkje seg å hjelpe til på ulike arrangement ol.
• Vinje aurefestival – fiskedag med born der ein i etterkant lagar ulike rettar av aure.
• Reklamespark. Knut Erik Jordstøyl har ein 20 meter spark med 15 handtak. Her kan bedrifter ha reklame.
• Styret på vegne av årsmøtet i Liv i Vinje skriv ei uttale til Nynorsk kultursentrum ved ottar greppstad. Frist for tilbakemelding er 11.02.16. Styret tek dette som sak på fyrste møtet etter årsmøtet dvs 1. februar kl 17.30.
Viktige punkt som må med er tilgang til garderobane, tilgang for funksjonshemma inn i samfunnshuset, samt at me er svært positive til at Nynorsk kultursentrum arbeider vidare med Vinje - senteret.
• Eigne komitear til ulike arrangement.
Treng ikkje komitear, men heller seta opp liste som ein gjer før 17. mai og joletrefesten.
Styret tek ansvar for å henge opp liste med ulike oppgåver i god tid før det aktuelle arrangementet og folk skriv seg på det dei vil og kan.
Vinje 26. 01.16
Signe Bråstøyl
Skrivar