LIV I VINJE - Årsmelding 2015
Liv i Vinje er liv laga. Det er mykje som skjer i løpet av eit år og slik styret ser det har me kome fram til eit passe aktivitetsnivå i høve til arrangement.
Måndagsmiddagane er limet og er ein viktig og god møtestad for alle i krinsen. Det er alltid godt oppmøte på måndagsmiddagane. Kjøkengruppene 6 i alt gjer ein kjempe innsats. Her møtast me frå ulike kantar av krinsen, både unge og gamle. Alltid god mat å få.
Jolemiddagen i år stod Åsne og Sigurd Midtun for saman med Kari Rusbergard, Kari Tellefsen, Ragnfrid og Sigurd Bakken.
Vil få takke alle kjøkengruppene for ein kjempe innsats de legg ned kvar måndag slik at me andre kan koma til ferdig middag. Tusen takk!!!
Aktivitetar elles er:
Påfonndagen: Påfonndagen palmesondag har blive ein tradisjon med skirenn, hopprenn og trimannskikonkuranse. Mange stiller i fine kostymer. Gardsmatbui syter for sal av mat og drikke. Etterpåfonn for dei vaksne på Mjonøy frå kl 18 med godt oppmøte. Styret stod for sjølve arrangementet med tilrigging og gjennomføring. Spesiell takk til Vinje løypelag for oppkøyring av løyper.
17.mai: Dei to seiste åra har 17. mai starta med felles frukost på Vinjar der alle tek med litt mat kvar. Etterpå vert det aktivitetar ute før me går samla i tog til kyrkje med mykje song. Eigen komité med Sonja Sandvik i bresjen, har stått for arrangementet.
Jonsok: Alltid moro med treff ved U - en. Her samlast me til bålbrenning, grilling og leiking. Mykje røur og moro. Sal av is.
Dugnad ved Uen etter jonsok. Mange som møter og jobben vert såleis fort gjort.
Advent: Ljos på Stekkjen var eit glimrande påfonn i eit uhørveleg ver, men til glede for oss som såg det. I staden for dette blei det i år kaupt inn ljoslekkje til å ha i flaggstonga ved skulen. Dette med løyve frå tekninsk i kommunen. Mange har gjeve uttrykk for at det var eit trivleg påfonn og som mange har fått glede av.
Bygdebrev: Bygdebrev nr 10 kom ut rett før jol der styret valde å gjera det som ei kavalkade over året som hadde gått. Håpar de har hatt glede av det. Åsne Vesaas og Signe Bråstøyl var redaktørar denne gongen. Bygdebrevet vert sett saman av Kandesign ved Kari Nestestog og trykking på kommunehuset. Åsne Vesaas ordna det. Elles køyrde Aslaug Kosteveit, Øystein Romtveit og Signe Bråstøyl dei ut.
Joletrefest: 3. dag var det heile 130 personar som var på joletrefesten i år. Moro at ein kan få til 3 ringar rundt joletreet. Nytt i år var at barn og ungdom underheldt med både song, dans og teater. Dei har øvd i heile haust og me er imponera over kva dei har fått til. Stor takk til Vaida og Robertas Lamsodites, Aasmund Nordstoga og Ellen B Nordstoga for å ha fått i stand teater/song gruppe for barn og unge. Denne gruppa er no ein del av Liv i Vinje og det er me svært stolte av. Takk til Ingvild Nordstoga som tok på seg hovudansvaret for komiteen.
Nyttårseftan: Vardebrenning i Veggstfjellie. 22 møtte fram i ruskever på ski og var med på vardebrenning. Håpar at dette kan spreie seg og at det vert tent fleire vardar rundt omkring på nyttårseftan. Ein spesiell takk til Øystein Romtveit som har gjort i stand til vardebrenninga. Dette er 3. året me arrangerar vardebrenning og då kan ein vel kalle det for ein tradisjon.
Anna: Me vil og få takke samarbeidspartar som Vinje løypelag, Vinje sanitetslag, Vinje slakteri, Kandesign, Vinje Gardsmat og Mjonøy A/S for godt samarbeid og bidrag til ulike arrangement.
Det er godt å sjå at det er mange i krinsen vår som er aktive og gjer at det er triveleg å bu her. Det er og etablera næringsverksemd i gamle skuledelen, samt at litteratursenteret ser ut til å ta form. Dette vert jobba vidare med i kommunen, noko me ser som svært positivt.
Det er framleis plass til fleire i krinsen vår. Fortel andre om kvifor det er godt å bu her, så kanskje fleire får lyst til å koma hit.
Styret : Åsne Vesaas, Torunn Tvedt, Øystein Romtveit, Aslaug Kostveit, Åsne Midtun, Knut Eknes og Signe Bråstøyl
Styret har dette året ikkje hatt leiar, men Åsne Vesaas har vore kontaktperson. elles har me alle hatt eit felles ansvar for å drifte Liv i Vinje. Me har hatt styremøte 1. måndagen i månaden rett etter måndagsmiddagen. Saker har vore stort sett arbeid med dei ulike arrangementa, samt drøftingar omkring bruk av Vinjar, oppdateringar om kva som skjer med meir.
Det vert skrive referat frå møta. Her må me bli flinkare til å legge desse ut på heimesida vår. Fylg elles med på Facebooksida til Liv i Vinje