Liv i Vinje.
Årsmelding for 2017
Styret i 2017: Åsne Midtun, leiar
Anita R Bekhus
Knut Ekenes
Torunn Tvedt
Kari Rustberggard
Aslaug Kostveit, vara
Anders Sandvik vara, ansvar for kassa
Styret har hatt ni møte og handsama 25 saker.
Liv i Vinje er eit lag for grendene Grungebru/Mogane, Smørklepp, Vinje, Bøgrend, Våmartveit og Særensgrend. Det har ingen personleg medlemskap. Kven som vil kan ta del i aktivitetar, koma med framlegg til aktivitetar og røyste.
Laget har både heimeside (www.livivinje.no) og Facebook-profil (Liv i Vinje).
Aktivitetar og arrangement i 2017.
Måndagsmiddag. Seks grupper skifter på å lage middag. Dette har halde på sidan 2009 frå om lag midt i september til midt i juni. Prisen er som før 75kr for vaksne og 150kr for familie. Jolemiddagen er ekstra stor og flott og kostar 100kr for vaksne og 200kr for familie.
Påfonndagen avlyst pga snømangel.
Byttedag/bruktsals-dag laurdag 29.04. frå kl 14.00-17.00. Folk sette opp bord og selde eigne varer og tok med seg heim det dei ikkje fekk seld. Dette fungerte bra. Styret tok ansvar for kaffi og kaker/vaflar.
Planta blomar i blomekassene utanfor Vinjar til 17.mai.
17.mai på Vinjar med frukost og leikar. Tog til kyrkja. Mellom 80 og 90 var med.
Plantebyttedag 29.06. kl 17.00. Fyrste gong. Etter kvart kom det ein del planter og mange fekk seg både krydderplanter og blomar.
Jonsokmoro ved U-en. Bål. Godt oppmøte. Stor aktivitet med leik og spel. Nytt vollyballnett. Sal av is. Viktig at bålet ikkje blir ein plass for å brenne søppel. Viktig å rydde opp etter bålet som takk til grunneigaren som let oss nytte denne laglege samlingsstaden til jonsokfeiring. Takk til Statkraft.
Advent. Joleljos til flaggstonga.
Joletrefest 3.dag jol. Sonja Sandvik tok på seg ansvaret for festen. (Programmet finn du i styrereferatet 08.01.18.)
Bygdebrev i desember. 180 eksemplar blei dela ut i postkassene i heile krinsen, av styret. Det blei litt for lite – det bør aukast til 190. Me kjøpte kopiering hjå Tenestetorget.
Vardebrenning nyårsefdan i Veggsfjellie. 14 kom og drakk gløgg og fyra bål. Snøver må få skulda for at det ikkje kom fleire i år.
Økonomi.
Innkjøp: Vollyballnett. Jolenissekostyme. Joletrepynt. 100 suppebollar frå IKEA.
Sal: Partytelt til Mjonøy A/S
Målet med laget er å skape møteplassar for å bygje og trygje samhald og trivsel for folk i grendene Grungebru/Mogane, Smørklepp, Vinje, Bøgrend, Våmartveit og Særensgrend. Laget treng ein viss kapital for å ha handlingsrom for aktivitetar. Den viktigaste aktiviteten er måndagsmiddagen, både som møteplass og inntektskjelde. Økonomien er god og gjev laget handlingsrom.
Anna
Spørsmål frå trailersjåfør om å få parkere ved Vinjar i helgene ved behov, blei drøfta i styret. Etter å ha rådførd seg med Vinje kommune blei det avvist.
Valnemnd. Laget har ikkje hatt valnemnd. Styret har oppnemnde: Åsne Vesås, Anne Råmundal Bekhus og Asbjørn Bekhus. Frå 2018 er det årsmøtet si oppgåve å velje valnemnd.
Liv i Vinje takkar Vinjebue for 45 gotterposar til joletrefesten (overskot frå joleopninga i advent).