Styremøte i LIV I VINJE 08.01. 2018
Desse møtte: Åsne Midtun, Anders Sandvik, Knut Hoff Eikenes, Torunn Tvedt
Referatsaker.
Joletrefesten. Sonja Sandvik tok ansvar for den.
Joletre skaffa Knut Hoff Eikenes .
Program:
Anders Sandvik las Piprkorn av Tarjei Vesaas.Â
Nora Nessæther og Aurora Verpe sang Det lyser i stille grender.
Allsang, leikar, allsang, leikar.
Kaker og kaffi som (alle hadde med).
Joletregang.
Jolenissen var Signe Vinje. 45 nissepakker gjeve av Vinjebue.
Ny jolepynt og ny nissedrakt.
Â
180 Bygdebrev blei delt ut i alle postkasser i krinsane Særensgrend, Bøgrend, Vinje, Mogane og Smørklepp og Grungebru. Utkjøringa blei gjort av styret. Det blei litt for få. Bør auke til 190. Blade blei gjort av Anita Bekhus med god hjelp av Åsne Midtun. Kopieringa blei gjort på kommunehuset.
Â
Vardebrenning nyårsefdan.
Øystein Romtveit, Kjetil Nessæther og Svein Verpe ordna ved frå Bøgrend sag. Anders Sandvik skaffa faklar og koka gløgg . Det deltok 14 stk. At ikkje fleire møtte til denne trivelege tradisjonen kan ha med skodde og snøver å gjera.
Torunn Tvedt etterlyser rekning på 2000kr for partytelt ho har kjøpt av Liv i Vinje. Anders ordnar det.
Â
Sak 1 Årsmøte.
Dato: MÃ¥ndag 29.01. kl 18.00
Valnemnda blir varsla.
Åsne set inn lysing og minner om møtet på måndagsmiddagane.
Kari skriv årsmelding. Anders gjer rekneskapen og legg han fram.
Â
Sak 2 Åsne tingar oppvaskmiddel hjå Reinhaldar Heidi, og tek opp med Tor Lunde om ny tralle til kjøkenet.
Ymse: Aslaug og Knut Erik arbeider vidare med påmeldingsfesten.