Styremøte i Liv i Vinje
16.04. 18 kl 17.30
Desse møtte: Torunn Tvedt, Anders Sandvik, Åsne Midtun, Kari Rustberggard
Referatsaker.
Påfunndagen blei vellukka. God deltaking i alle konkuransane. På Mjonøy om kvelden, var det 30-40 stk. Kjem attende med eit meir detaljert referat.
Sak 1 BYTTEDAG/LOPPEMARKNAD laurdaf 28.04. kl 14-16.
Gjennomfører dagen som i fjor:
Styret set opp bord i festsalen og steiker lappar, kokar kaffi og blandar saft, som me sel til inntekt for laget. 25kr for lapp m/syltetøy og rjome. 25kr for kaffi m. påfyll. 5kr for saft. Åsne kjøper kaffi og saft. Kari lagar lapperøre.
Dei som har varer tek ansvar for eigen stand, og har ansvar for ryddeing av det som ikkje blir bytta/seld.
Sak 2 17.mai
Styret har fått spørsmål (brev) frå prest Tor Eivind Erikstein om me kan gjera om på rekkefylgja i programmet, då det er få som kjem i kyrkja slik det er i dag.
Dette blei drøfta, og konklusjonen blei at me held fast ved programrekkefylgja slik det har vore, sidan mange har ungar som skal til feiringa i Åmot etter Vinjar.
YMSE
I 2019 er det 70år sidan skirennet palmesundag starta. Det var lærar Olav Nådland som fekk det i gang på Gullspong i Bøgernd. Dette er verdt å feire!