Styremøte 20.10.09 Livivinje
Tilstades: Aasmund, Eric, Anne og Anders
Britt måtte melde fråfall
-Anders informerte om utviklinga kring prøvebustadprosjektet. Mykje att og fram kring problematikken om Livivinje skal delta i skisseprosjektet. Dette heng på om Fellesrådet og Administrasjonen i Vinje stettar
-Aasmund foreslo å ri to hestar med å samstundes søkje etter ledige bustader. Dette gjekk alle inn for
-Anne fortalde om at eit husi Bøgrend snart kjem på sal
-i tillegg kjem d innspel om tidlegare planar om huskrull bakom Breito og ved Kringlegarden
-Semje om å sjå ann prøvebustadprosjektet i høve til finansiering. Kommunen må stå bak
-Anders informerte om prosjektsøknaden som vart levert 13.10.09. På grunn av tidspress vart ikkje resten av styret informert. Styreleiaren fekk tilgjeving for dette, og etter gjennomlesing var det semje om at søknaden var grei nok
-Anne informerte om at styret ynskja ei ny verksemd velkomen, Vinje Gardsmat As
-Nye slakteriet på Våmartveit skal óg få ein blom for opninga
-Anne kom med framlegg om ei fast etablerar-gåve til dei som startar opp nye verksemdar i grenda vår
-Framlegg om å utfordre Handverkslaget til å kome med framlegg til ein plakett e.l.
-Diskusjonar kring innhald og form
>viktig å vere klare på at me ikkje veit heilt kva for omfang og eventuell finansiering
-Anne tek kontakt med Tove Herberge
-Eiga post på heimesida om nye verksemder, nye folk og oversyn over bedriftar og ressursar i Vinje
-Me må ikkje gløyme påfunndagen
-Ynskje om å jobbe meir med språkrestaurering og leite fram gamle stadnamn og uttrykk
-Truleg stormøte/årsmøte i Livinje på nyåret med informasjon om kva som foregår i Livivinje. Her må alle få høve til å kome med innspel og spørsmål
-Anne skriv ei oppsummering av aktivitetane som så skal sendast heim til alle hustandane. Dette blir ikkje skrive før i november. Informasjon om stormøtet/årsmøtet må gjevast her.
-Aasmund varsla at han må trekkje seg frå dette styret på grunn av stort arbeidspress
-Styret vel likevel å ikkje hente inn nytt styremedlem før valet på årsmøtet, Aasmund møter om han kan
Neste møte onsdag 04.11 kl 20.00
Miniref: Anders Sandvik
Â