Liv i Vinje

LiV Styremøte 01.10.18 kl 17.30

Desse møtte: Åsne Midtun, Torunn Tvedt, Knut Ekenes, Kari Rustberggard.

 

Referatsaker:

Jonsok ved U-en . På grunn av turken såg det lenge ut til at me ikkje  kunne arrangere jonsokmoro som før – i alle fall ikkje med bål og grilling. Men så kom det litt regn, og Åsne tok kontakt med brannvernsjefen, og  han gav løyve til både bål og grilling.  Øystein Høgetveit tok ansvar for sløkking av bål og grillar. Han vatna også lauvskogen inntil bålet med brannsprøyta for å unngå at gneistar som fauk ut i skogen skulle setje fyr. Knut og Anders tok ansvar for leikane, Aslaug laga rebus, Kari selde is. Det blei ein fin ettermiddag med mange som kosa seg i det fine veret.

Det einaste som glapp, var at vollyballnettet ikkje blei teken ned før i dag – Knut sa ifrå på styremøtet at det stod oppe. Åsne reiste ned for å ordne det.

Før Jonsok vedtok me å kjøpe ein liten frysar, til å bruke ute ved is-sal, og eit aggregat. Frysaren er innkjøpt. Aggregatet er det leveringstid på, så det blei ikkje tinga i vår. Knut sørger for at det blir tinga i løpet av oktober, slik at me er sikre på at det er på plass til vardebrenninga nyårseftan.

 

Måndagsmiddag 2018/19. Åsne og Kari sette opp middagsgrupper og Anita la det ut på heimesida. Me dela også ut ein del lister i postkassa til dei som kom på nye grupper. Av ulike årsakar er me litt færre som lagar middag. Det førde til at me endra gruppene.  Me ynskjer å halde fast på seks veker mellom kvar gong ein lagar middag – som me løyste  ved å sløyfe middag i haust- og vinterferien, og å halde på ut mai. Då blir det to gonger før jol og tre gonger etter jol på kvar gruppe. Somme grupper kjem til å be om hjelp på sine dagar ved behov. Jolemiddagen blir 10.des og styret lagar den.

 

Trafikksikringspakka. Åsne orienterte om kva som skjer i samband med sikring av den trafikkfarlege vegen gjennom Bøgrend og Vinje. Ho hadde vore i kontakt med ordføraren som sa at sikring på E134 Åmot - Vinjeflaten var kostnadsrekna til 30mill. Av dette er det mogleg kommunen må forskotere noko. Ordføraren vil koma på ein måndagsmiddag å orientere.

Dei som har snøbrøyting har fått lengre rodar å brøyte – me veit ikkje kva konsekvensar det får for LiV. I 2017/18 var det veldig godt brøytt. Det er også ein del av trafikksikringa.

 

Vinjesenteret. Vinjesenteret får 8,2mill over kulturbudsjettet. Bygging kjem truleg i gang til våren. Me har ei aktiv teatergruppe som nyttar garderobane i skulebygget. Det er viktig at dette kan halde fram med ny eigar.

Neste møte 05.11.

 

Ref Kari R

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills