Liv i Vinje

Referat frå styremøte 04.02.19

Desse møtte: Åsne Midtun, Torunn Tvedt, Knut H Eknes, Anders Sandvik, Snorre Bakken, Kari Rustberggard.

 

Oppsummering frå styremøtet. Referatet godkjent som det står.

Sak 1/19  Brev frå Vinje kommune om Dataanlegg og oppstart av planarbeid til dette formålet på Statkraft sitt område ved Vinjevatn. Omregulering frå massetak/steinbrot til næringsområdet.

Liv i Vinje er høyringsinstans, med svarfrist 1.mars 2019. Saka blei drøfta, styret  er positive og sender svar til kommunen.

 

Sak 2/19 Om Vinjesenteret.

Åsne viste til møtet med Vinjesenteret i januar. På årsmøtet blei det etterlyst heis i huset. Åsne refererte frå brev til Nynorsk kultursentrum 01.02.2016. I dette brevet blei heis nemnt frå LiV for å få betre tilgjenge.

Det kan bli aktuelt med løfteplatform ved inngangen til Vinjar . Dette er ikkje personheis, men det kan bli enklare å koma opp og ned med tunge ting mellom etasjane.

Det blir garderobar i u-etg til erstatning for dei som er i 1.etg.

Lysbru/rigg – er fastmontert og ikkje mogleg å regulere. Dette er til stor ulempe for det som skal gå føre seg på scena. For å få regulerbar rigg , må ein ha årleg kontroll som blir ein ekstra kostnad.

VENTAR med å gjera noko til me ser kva Vinjesenteret har behov for.

YMSE

Snorre foreslo å ta initiativ til å gjera noko med scenegolvet og golvet i salen. Sliping og måling av scenegolvet kan gjerast på dugnad. Dette er i tilfelle ei naudløysing, kan hende det bør ny scene.

 

Ref Kari R

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills