Liv i Vinje

Liv i Vinje.

Årsmelding for 2018

Styret i 2018: Åsne Midtun, leiar

Anita R Bekhus

Knut Hoff Eknes

Torunn Tvedt

Kari Rustberggard

Aslaug Kostveit, vara

Anders Sandvik vara, ansvar for kassa

 

Styret har hatt 8 møte og handsama 25 saker.

Liv i Vinje er eit lag for grendene Grungebru, Mogane, Smørklepp, Vinje, Bøgrend, Våmartveit og Særensgrend. Det er ikkje personleg medlemskap. Kven som vil kan ta del i aktivitetar, koma med framlegg til aktivitetar og røyste. Laget har både heimeside (www.livivinje.no) og Facebook-profil (Liv i Vinje). Anita har teke ansvar for dette.

 

Aktivitetar og arrangement i 2018.

Måndagsmiddag. Seks grupper skifter på å lage middag. Våren 2018 måtte me gjera endringar på gruppene, då det vart færre som kunne vera med å lage middag. Det er eit mål at kvar gruppe berre lagar middag kvar sjette veke.

Prisen er som før 75kr for vaksne og 150kr for familie. Jolemiddagen kostar 100kr for vaksne og 200kr for familie.

Det er god oppslutning om middagane så det er all grunn til å halde fram. Takk til dei som lagar middag og ryddar – og til dei som kjem og et!

Påfonndagen 25.03. I år var det rikeleg med snø og me fekk ein flott dag på Attistog-jordet. God deltaking i alle aktivitetane. Takk til Vinje løypelag som køyrde opp gode løyper!

Om kvelden var det fest på Mjonøy for dei vaksne. 30-40 var der! Takk til Torunn som steller til!

 

Byttedag 28.04. Det var 7 «boder» med alt frå skiutstyr og barneklede til nips. Salet av lappar og kaffi gjekk godt. Litt færre publikum/kjøparar. Me må reklamere betre for arrangementet i framtida.

 

17.mai på Vinjar med frukost, leikar og tog til kyrkja. Håkon Nordstoga og Jon Sandvik spela trommer i toget. Det var veldig bra.

Det gjekk tregt å få dugnadsfolk i starten. Då dagen nærma seg, melde det seg nok folk til å ordne aktivitetar, og pynte og dekke dagen før. Det blei ein hyggeleg formiddag med mykje god mat og hyggeleg samver.

Det kom ca 80.

 

 

Jonsokmoro ved U-en. Det var lenge usikkert om det kunne gjennomførast pga turke. Regnbyer dagane før redda familiefeiringa. Me bruka brannslangen til å spyle lauvskogen rundt bålplassen. Godt oppmøte. Stor aktivitet med leik og konkurransar. Sal av is. Folk hadde med eigen mat til grilling. Me ordna med grillar.

Viktig at bålet ikkje blir ein plass for å brenne søppel og at det blir rydda etterpå. Takk til Statkraft som let oss bruke plassen.

Ny-tilflytte. Me har teke opp att ei gamal sak med å ynskje ny-tilflytte velkomne med eit brev med informasjon om Liv i Vinje og invitasjon til måndagsmiddag – fyrste middagen gratis. Fem ny familiar i 2018!

Advent. Joleljos ute på Vinjar sett opp til advent og teke ned trettandagen, av Åsne og Sigurd

Bygdebrev i desember. 190 eksemplar blei dela ut i postkassene i heile krinsen. Anita og Aslaug var redaktørar. Anne Romtveit skreiv eit fint stykke om AO Vinje og Knut Erik Jordstøyl eit interessant stykke om kraftverket i Bøgrend. Åsne og Kari køyrde ut.

Anders ordna trykking hjå eit trykkeri i Skien – det blei veldig bra.

 

Jolemiddag: styret tok ansvar for denne - med ekstra hjelparar.

Joletrefest 3.dag jol. Mal for arrangementet gjorde det enkelt å gjennomføre. Styret sette opp lister der folk kunne melde seg på oppgåver. Ånund Vesaas leia festen, Liv Lofthus spela til songen, Aasmund Nordstoga las «Det var ein gong» av Tarjei Vesaas. Nora Nessæther og Aurora Verpe song. Åsne Vesaas arrangerte leikar. Gang rundt joletreet og nisse med pakker til alle ungane. Kaker og kaffi hadde folk med seg. Saft og ekstra med kaffi ordna me. Salen var vakkert og stemningsfullt pynta av Kari Nestestog, Solvår Nessæther, Ingvild Lilletvedt Nordstoga og Signe Bråstøyl.

 

Vardebrenning. Nyårseftan var omlag 20 samla på Veggsfjell til vardebrenning og gløgg. Sjefen for dette var Anders.

 

Økonomi.

Målet med laget er å skape møteplassar for å byggje og tryggje samhald og trivsel for folk i grendene. Laget treng ein viss kapital for å ha handlingsrom for aktivitetar. Den viktigaste aktiviteten er måndagsmiddagen, både som møteplass og inntektskjelde. Økonomien er god og gjev laget handlingsrom.

Innkjøp: Liten fryseboks til å bruke ved is-sal ute på 17.mai, jonsok og andre arrangement.

 

 

 

Melding frå Vinje Barneteater om aktiviteten i 2018

 

Året 2018 starta med framsyning av ” Dei tolv månadane ” . Stykket vart framført på

Vinjar 2. februar , Vinjehuset 3. februar og Dalen kulturhus 4. februar. Det var godt frammøte på alle framsyningane og svært bra oppslag i VTB !

” Dei tolv månadane ” bygde på eit russisk eventyr om jenta Marusjka og inneheldt mykje song , musikk og dans.

Den neste oppgåva til Vinje barneteater var å laga ei framføring av jubilanten dette året : Aasmund Olavson Vinje. Det var mange program om diktaren frå Plassen i Vinje dette året, men Vinje barneteater var åleine om å ha ei framføring ikkje berre for born, men MED born!

Her hadde borna lært mange songar både frå folketradisjonen og av andre komponistar .

Det vart dansa springar og publikum fekk sjå scenar frå Storegut og Ferdaminne .

Denne framføringa tinga Litteraturdagane i Vinje og framsyninga var på Vinjehuset den 24. August. 4. September var det skuleframsyning på Vinjehuset der skulane Edland og Øyfjell kom i tillegg til Åmot.

Det kom ynskje om å syne stykket på Vinjar og 9. nov. møtte bygdefolket godt opp .

Det høvde veldig godt , for den 10. skulle me til Seljord. Me hadde lyst til å koma litt lenger enn Vinje og tok sjansen på at Seljordingane var nysgjerrige på dette barneteatret. Granvin kulturhus tok svært godt i mot med nydelege vaflar , stor scene, og store flotte garderober ! Det var nok ikkje ”stinn brakke ” men dei som møtte var eit godt publikum .

Vinje barneteater blir drive på dugnad og med støtte frå LNU Frifond teater.

Me er ei gruppe på fire som driv dette no :

Vaida Lamsodienne ( koreografi, kostymer og scenografi )

Robertas Lamsodis ( musikk )

Aasmund Nordstoga ( tekst og innstruksjon )

Ellen B. Nordstoga ( administrasjon )

Me har hjelp frå

Knut Tore Bratland på lyd og

Sigurd Bakken på lys

 

22.01.2019

Ellen B. Nordstoga

 

 

YMSE

 

* Om trafikktilhøva på E-134 strekningen Bøgrend – Vinje kyrkje.

E134 mellom Vinjesvingen og Åmot er ein vegstrekning som har vore særleg utsett for ulukker.

Årsmøtet i 2018 ba styret skrive ei oppmoding til Vinje kommune ved ordførar Kleven, om å arbeide for utbetring av den trafikkfarlege strekninga Bøgrend – Vinje kyrkje. Åsne fylgde opp saka. Ordføraren svara at trafikksikring på E134 Åmot - Vinjesvingen er kostnadsrekna til 30mill. Av dette er det mogleg kommunen må forskotere noko. Ordføraren vil koma på ein måndagsmiddag å orientere.

 

* TRAFIKKAKSJON – FOLKEMØTE OG FAKKELTOG.

I mars inviterte Vinje kyrkje Liv i Vinje til å vera med på ei markering av kor trafikkfarleg 134 Åmot-Vinjesvingen, er. Sundag 11.03. var det folkemøte på Vinjar. På møte var innsatspersonell frå ambulansetenesta, brannvesenet, psyko-sosialt kriseteam, brøytemannskap og bilbergarar, til stades. Sokneprest Tor Eivind Erikstein og prostidiakon Eilev Erikstein leia møtet på Vinjar. Etter folkemøtet var det fakkeltog til kyrkja.

 

* Brøyting. Den som har snøbrøyting utanfor Vinjar har fått lengre rode å brøyte. I 2018 var det godt brøytt. Det er også ein del av trafikksikringa.

 

* AO Vinje- jubileet. LiV var med på dugnad. Laget fekk betalt for det.

 

* Vinjesenteret. Stortinget har løvd 8,2 mill til senteret. Kommunen startar truleg bygging våren 2019.

 

 

* Me har ei aktiv teatergruppe som nyttar garderobane i skulebygget. Det er viktig at dei kan halde fram å nytte garderobane sjølv om det blir nye leigetakarar i bygget.

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills