Liv i Vinje

Styremøte i LIV I VINJE 07.01. 2019. Referat.

Desse møtte: Åsne Midtun,  Anders Sandvik, Knut Hoff Eknes, Torunn Tvedt, Anita R Bekhus, Aslaug Kostveit, Kari Rustberggard.

Referatsaker.

Joletrefest 3.dag jol.

Bruka malen for joletrefest og sette opp lister over oppgåver folk kunne melde seg på. Alle som deltok i programmet fekk eit skriftleg program før jol.

HUGS :Avtale med nokon om lydanlegg og mikrofon. (Kari Nestestog tok ansvar for det 2018). Hugse å få ein til å ta inngongsbetaling.                                                                                                         Den som leier festen må også styre ringane slik at det blir td tre ringar når det er nok folk til det – skriv det på programmet hans.

 

Knut Hoff Eknes skaffa joletre.

Program:

Ånond Vesaas leia festen (fekk eit skriftleg program med aktørar og sangar (med sidetal i songheftet.)

Liv Lofthus spela piano til allsongen

Aasmund Nordstoga las Det var ein gong av Tarjei Vesaas. 

Nora Nessæther og Aurora Verpe sang.

Allsang,

Ã…sne Vesaas: To leikar

Allsang.

Kaker og kaffi som (alle hadde med). Koka litt ekstra med kaffi på kjøkkenet og det var bra – få hadde med seg heimanfrå. Saft til ungane.

Joletregang.

Signe Vinjerui var nisse. 54 pakker med litt godter.

Allsang til slutt.

Ca 70 kom på joletrefesten!

 

Ca 190 Bygdebrev blei delt ut i alle postkasser i  krinsane Særensgrend, Bøgrend, Vinje, Mogane og Smørklepp og Grungebru. Utkjøringa blei gjort av styret.  Anita Bekhus og Aslaug Kostveit var redaktørar for bladet. At Anne Romtveit og Aslaug Kostveit skreiv eit par små stykke var veldig positivt. Kopieringa blei gjort av eit trykkeri i Bø – Anders Sandvik ordna det, og det blei billigare og betre enn om me hadde gjort det som før.

 

 

Vardebrenning nyårseftan.

Øystein Romtveit, Kjetil Nessæther og Svein Verpe ordna ved frå Bøgrend sag. Anders Sandvik skaffa faklar og koka gløgg . Det deltok 20 stk. i regnver!

 

 

Sak 1 Årsmøte.

Dato: MÃ¥ndag 28.01. kl 18.00

Valnemnda blir varsla.

Åsne minner om møtet på måndagsmiddagane. Anita set det på Facebook og på heimesida.

Kari skriv årsmelding. (Hugs å få med om trafikkaksjonen). Anders legg han fram rekneskapen.

Ordføraren har sagt at han vil koma å orientere om trafikktiltak på ein måndagsmiddag. Åsne spør om han kan koma på årsmøtet. Viss ikkje er det aktuelt å be Kristian Rantala frå Vinjesenteret og Kjetil Vaagen, prosjektleiar i Vinje kommune, om å orientere om utviklinga til Vinjesenteret.

 

Sak 2 Informasjonsflyt.

Linke opp heimesida til Facebook. Anita tek seg av det.

Sak 3

Middagslista for våren må endrast. Åsne og Kari gjer det.

 

Sak 4

5.mars. Markere 10års-dagen for fyrste møtet i Liv i Vinje. Godmiddag? Tinge blautkake.

YMSE

  • Framlegg om Ã¥ kjøpe ein kraftig stavmiksar. Det vil bli gjort.

 

  • Statkraft kjem truleg til Ã¥ sette opp eit straumuttak ved «Uen» i samband med oppussing av omrÃ¥det. Det blei drodla ein del rundt det Ã¥ fÃ¥ til ein fiskefestival/familiefestival pÃ¥ omrÃ¥det nÃ¥r det er pussa opp.

 

Ref Kari R

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills