Liv i Vinje

Referat frå interimstyremøte i Liv i Vinje

4..NOV 2009 kl 20.

PÃ… Ã…MOT SKULE.

 

Desse møtte:  Anders Sandvik, Eric Christenson, Britt Rønningen og

Anne T.Romtveit. Næringssjef Torhild Nicolaisen.

 

Prostjektleiar:

Søknad om prosjektleiar for Liv i Vinje er sendt til Vinje kommune. Sjå ref frå møtet vårt 20.okt.09.

Næringsjef Torhild Nicolaisen ynskte å høyre meir om bakgrunnen for søknaden. Derfor vart dette møtet lagt til Åmot.

 

Vi fortalde frå oppstartmøtet for bygdemobiliseringa på Vinjar 5.mars i år der så mange  møtte fram, og kva ynskje som folk kom med der. Mange gode aktivitetsidèar  Lister med folk som er interesserte i å vera med på dugnader i krinsen vart underskrivne. Idèen med måndagsmiddagar kom  på det møtet.

Fyrste måndagsmiddagen var alt 23.mars og det tiltaket  held fram og er svært kjærkome. Har vore oppi 75 personar der!

 

Folk treng møteplassar. Vi ynskjer å trivast her me bur og gjerne trivast så godt at det spyrst langt utanfor skulekrinsen og kommunen sine  grenser. Så kanskje nokon fleire får hug til bu i denne skulekrinsen? Då ynskjer  me å ha tomter/hus å tilbjode. Treng ikkje vera nybygd prøvebustad, men eit ledig hus i området kan og gjera nytten.. I alle fall vil vi gjerne legge tilhøva godt tilrette for at fleire kan busette seg i skulekrinsen vår.

Fleire elevar på skulen. Og kva med  fleire arbeidplassar, td arbeidstun med bustader i nærleiken....? Bruke fantasien og kreativiteten til å få til noko, skapa eitkvart, meir aktivitet....

Sjølvsagt veldig positivt at Vinje Gardsmat A/S har starta opp i haust i Bøgrendbue. (Bøgrend Handel vart nedlagt 1.februar 2009). Og stort slakteri er starta opp på Kingland  i Våmartveit i haust!  Tenk det!   Slikt skaper inspirasjon og håp for oss andre, Og vi ynskjer så inderleg at det må gå bra for dei, både på bue og med slakteriet, og at vi som bygdefolk  støttar opp det me kan.

 

Det vart eit godt møte med næringsjefen. Ho understreka at dersom det vert ja til prosjektleiarstilling, så tyder ikkje det det same som at det er ja til evt seinare søknader om tiltak i skulekrinsen. Det må handsamast særskilt i kvart høve.

Det er anten ho eller formannskapet som avgjer søknaden om prosjekt-leiar. Ho gjev Anders attendemelding om det.  Fyrste formannskapsmøtet der dette kan koma med, blir i desember.

 

Dersom vi får prosjektleiar så må vi stå for utlysinga. Viktig å få tak i nokon som gløder, tek initiativ, er lett å kontakte, kan arbeide systematisk, kan økonomi, flink på data, kjenner “systemet” godt. Kontorplass i skulekrinsen. Dette var nokre stikkord vi var innom i farten, som me  må sjå mykje nærare på i fyrstkomande møte.

 

Vinje skule og isbane:

Terje Haugen er i kontakt med Scan-ice om plast-isbane ved Vinje skule.

Ein person frå Scan-ice kjem til Vinje skule i veke 46, og Terje lurar på om nokon frå Liv i Vinje vil vera med på det møtet. Vi er positive til å stille med ein person.

Ynskjet om å ha ein isbane ved skulen har vore sterkt i fleire år, og det kunne vera eit møtepunkt for mange, så vi er positive til den tanken. Men av papria ser det ut som at det er mykje vedlikehald som må til....

 

HUGS PÃ… AT DET BLIR JUBILEUMSFEST PÃ… VINJAR 30.DESEMBER. VINJAR FYLLER 50 Ã…R!!

 

Neste møte i Liv i Vinje 18.nov. kl 20 på Vinje skule.

Det er der me vanlegvis held til med møta våre.

Tak gjerne kontakt med oss.

 

Ref.  Anne

 

 

 

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills