LiV –referat frå styremøte 01.04.19
Desse møtte:
Åsne Midtun, Torunn Tvedt, Anita Bekhus, Knut Eknes, Anders Sandvik, Snorre Bakken, Kari Rustberggard.
Sak 1 I samband med «Ope fjos» måndag 08.04. på Plassen, er det trong for kaffikoppar og å kunne lage kaffi på den tid det er førebuing av måndagsmiddag.
Vedtak. Dette går heilt greitt – det vil ikkje skape vanskar for middagsførebuingane
Sak 2 Syttandemai-kommiteen ved Åmot skule spør om det er råd for oss å endre tidspunkt for feiringa på Vinjar.
Me drøfta det. Vedtak: Styret finn det vanskeleg å gjera endringar.
Sak 3 Vinjesenteret.
3.1 Det blir ikkje heis i Vinjesenteret.
3.2 I byggjetida kan bruken av matsalen og kjøkenet bli stengt, då det ikkje vil vera rømmingsveg ved brann.
Vedtak.
3.1 Styret skriv brev til teknisk etat v/Kjetil Vaagen, med ynskje om at han ser om det kan vera mogleg å få til dette i gamle Vinjar.
3.2
Styret skriv brev til teknisk etat med framlegg til løysing på problemet med rømmingsveg i byggeperioden. Dersom det blir opphald eit heilt år for måndagsmiddagane kan det bli utfordrande å dra det i gang att.
- Utstyre kjøkenet med brannteppe.
- Brannvakt
- Mellombels utgang med provisorisk trapp
Sak 4 Påfunndagen.
Det ser ut til å bli vanskeleg å arrangere i Bøgrend på grunn av lite snø.
Anita foreslår at me tek det på Mjonøy . Det er greitt for Torunn.
Komité: Anita, Torunn og Snorre
Dei lagar rebusløp, køyrer opp ei lita løype for ungane med scooter, om det er råd. Kostymerenn. Torunn sel pølser, saft og kaffi. Bakeriet vil også vera ope.
Åsne kjøper påskeegg, premiar og fenalår.
Hente vandreholken (sylv) hjå vinnaren i 2018.(Kari)
Utstyr til arrangementet: Alt ligg i lageret på Vinjar. Det er nok medaljar.
Kari skriv ut påmeldingsskjema.
Ymse. Åsne har kjøpt billige papirdukar hjå Vinjebue.
Åsne kjøper blomstervasar.
Ref Kari R