Liv i Vinje.
Referat frå styremøte.
27.08.20 kl 17.00 på Midtun
Desse møtte: Åsne Midtun, Stella Servoli, Sonja Sandvik, Anders Sandvik, Snorre Bakken, Kari Rustberggard.
Sak 1 Måndagsmiddagar - oppstart.
Første måndagsmiddagen blir 21.09.20. Åsne og Sigurd tek ansvar for den.
Åsne, Stella og Kari kontaktar folk som har vore med før, og nokre nye, og spør om dei vil vera med å laga middag. Det blir to gonger før nyttår og to gonger etter, for kvar gruppe. Styret lagar jolemiddagen. Ut i frå ynskje og dei som seier JA, set Åsne og Kari opp arbeidslister. Det er veldig bra om folk melder seg til oppvask og rydding om dei ikkje kan laga middag. Då kan dei som vil laga middag få avløysing om det er nødvendig for det.
På grunn av korona er det retningsliner en må følge og tiltak en må gjera for å kunne gjennomføre dette. Me diskutera kva me må gjera og Stella las frå rega:
Me må legge til rette for at folk kan halde ein meter avstand mellom dei som ikkje høyrer til same husstand.
Alle må bruke sprit før dei kjem inn i matsalen.
Det må vera ein ansvarleg.
Namn og telefonnr. må være kjent på alle som kjem.
Oppslag om at ein ikkje må koma om ein kjenner seg sjuk.
Det er lov å ha buffé som folk forsyner seg frå.
Det må stå sprit på buffé-bordet som en må bruke det før en forsyner seg.
Tiltak for gjennomføring:
Åsne står som ansvarleg. Ho kontaktar Anne Langen om kvar me kan få tak i sprit-dispenserar, spritflasker, og om vask. Oppslag om påminning om sykdom hentar ho på Tenestetorget.
Styret møtes og set opp bord og stolar.
Ein frå styret skriv opp alle som kjem.
Dei som har middagen sett fram sprit på buffeen.
Betaling må så langt råd er, skje med VIPPS.
Styret diskuterte også pris for middagen, og kom til at det i løpet av høsten kan bli en liten prisauke.
Korleis og kor mykje må me arbeide meir med.
Sak 2 Aktivitetsområdet rundt Vinjar og kyrkjekontoret.
Åsne har eit framlegg om me flyt alle ute-aktivitetane me har, til Vinjar/kyrkjekontor-området. Åsne har lufta dette med styret i løpet av sommaren, og kontakta ordføraren 11.08., Om koreleis han ser på at kommunens område blir nytt til dette. Han var veldig positiv, og foreslo at det skulle kallast inn til eit møte mellom alle aktuelle partar. Åsne forstod det som at ordføraren eller kommunen tok seg av innkallinga.
Sak 3 Anders tok opp ei hyggeleg sak som han arbeider med, og som han spurde om Liv i Vinje kunne stå ansvarleg for. Dette gav meg vår fulle støtte til. Men saka kan ikkje publiserast enno, men alle får vita det når alt er i orden.
Kari Rustberggard, ref. Vinje 28.08.20