Liv i Vinje

 

LIV I VINJE - Årsmelding for 2019

Styret i 2019:           Åsne Midtun, leiar

                                    Anita R Bekhus

                                    Knut Hoff Eknes

                                    Torunn Tvedt

                                    Kari Rustberggard

                                    Snorre Bakken, vara

                                    Anders Sandvik vara, ansvar for kassa

 

Styret har hatt 6 møte og handsama 35 saker.

Liv i Vinje er eit lag for grendene Grungebru, Mogane, Smørklepp, Vinje, Bøgrend, Våmartveit og Særensgrend. Det er ikkje personleg medlemskap. Kven som vil kan ta del i aktivitetar, koma med framlegg til aktivitetar og røyste.

Laget har både heimeside (www.livivinje.no) og Facebook-profil (Liv i Vinje). Anita har ansvar for dette.

 

Aktivitetar og arrangement i 2019.

Måndagsmiddag. Seks grupper skifter på å lage middag. Prisen er som før 75kr for vaksne og 150kr for familie. Jolemiddagen kostar 100kr for vaksne og 200kr for familie.

Det var ei stund usikkert om det kunne bli måndagsmiddagar i haust pga. bygjeaktivitet. Etter mykje kontakt med Vinje kommune i høve brannføreskrifter og stenging av underetasjen harme fått til ei god ordning : naudutgangen blir halden open så langtråd. Me har brannvakt og naudutgangen blir halde open så langt råd er, og me har brannvakt kvar middag.

Det er god oppslutning om middagane! Takk til dei som lagar middag og ryddar – og til dei som kjem og et!

 

JUBILEUMSMIDDAG 05.03.19. Me markerte 10år med måndagsmiddagar. Sonja og Anders Sandvik fekk takk og gåver for initiativet Til Liv i Vinje og for trottugt arbeid i laget i alle år. Ordføraren som var gjest, helsa og overrekte blomar.

Påfonndagen  palmesundag. Då er det skirenn og kostymerenn for store og små! I år var det så lite snø at skirenn på tradisjonelt vis var umogleg. Me flutte arrangementet til Mjonøy, der Torunn Tvedt la godt til rette for eit triveleg arrangement.

 

 

17.mai blei feira med stor og god frukost, leikar og is, og tog til kyrkja. Ca 80 var med og feira nasjonaldagen.

 

GRUNNSTEIN TIL VINJESENTERET blei lagt ned 24.05.19. Liv i Vinje var invitert og Åsne Midtun var til stades.

 

 

Jonsok feira me ved U-en ved Vinjevatn, med grilling, leikar og bålbrenning. Stor aktivitet med leik og konkurransar.  Folk hadde med eigen mat til grilling. Takk til Statkraft som let oss bruke plassen. Sal av is.

Advent. Det blei ikkje sett opp adventljos utanfor Vinjar i år pga. bygginga.  

Bygdebrev i desember. 190 eksemplar blei dela ut i postkassene i heile krinsen. Anita og Kari R var redaktørar. Me bruka ATLES trykkeri, Porsgrunn, same trykkeri som i 2019.

 

Jolemiddag: styret tok ansvar for denne - med ekstra hjelparar.  Det blir ført eiga bok om innkjøp og erfaringar frå jolemiddagen.

Joletrefest 3.dag jol.  Styret sette opp lister der folk kunne melde seg på oppgåver. I år måtte festen vera i matsalen då festsalen vert nytta til lager i byggeperioden. Knut og Signe på Jorde ordna joletre. Lilly Slåtta Thomsen og Lulla Verpe tok ansvar for å organisere det heile. Ea Kristine Bakken leia festen, Åsne Vesaas arrangerte leikar. Gang rundt joletreet. Nisse med pakker til alle ungane var Svein Verpe. Kaker og kaffi hadde folk med seg. Saft og ekstra med kaffi ordna komiteen. Salen var vakkert og stemningsfullt pynta. Det blei ikkje skrivi på Facebook om joletrefesten, berre i Bygdebrevet. Facebook er viktig å nytte for å nå flest mogleg.

Vardebrenning nyårseftan på føremiddagen iVeggsfjell blei avlyst. Dei som ville, kunne koma til Bakken til bålbrenning der.

 

Økonomi.

Målet med laget er å skape møteplassar for å byggje og tryggje samhald og trivsel for folk i grendene. Laget treng ein viss kapital for å ha handlingsrom for aktivitetar. Den viktigaste aktiviteten er måndagsmiddagen, både som møteplass og inntektskjelde.  Økonomien er god og gjev laget handlingsrom.

 Innkjøp:

Handreiskap til bruk i ulike aktivitetar t.d. på 17.mai.

 

 

 

 

 

YMSE

  • Liv i Vinje har fått ny komfyr og ein flott kjele av tysdags-kjeringane på Breijot.
  • Liv i Vinje var på møte med Vinje-senteret om planlegging av restaurering og reparering  av Vinjar-salen. Vinje-senteret tek ansvar for å setje opp ei liste over det som må gjerast etter innspel på møtet. Så søkje ein midlar frå ulike tilskotsmidlar i Liv i Vinje sitt namn. Det må vera ein friviljug organisasjon som står som søkjar.
  • Brev til Vinje kommune om tiltak for universell utforming , med heis, i Vinjar.  Me får positive tilbakemelding på dette.
  • Brev med kart, til Telenor om dårleg mobildekning i området. Ikkje svar enno.
  • Me har gjeve to høyringsuttaler til  Vinje kommune om:

                  oppretting av datalagringssenter ved Statkraft.

                  riving av Breijot for å gje meir trafikksikker  veg.

  • LiV fekk Vardens jolekringle! Fredag 13.des var journalisten med kringle på plass hjå Åsne Midtun.

 

Øverst i skjemaet

 

 

Nederst i skjemaet

Melding frå Vinje Barneteater  om aktiviteten i 2019

 

Vinje 27.01.2020

 

 

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills