Liv i Vinje

Referat frå STYREMØTE I Liv i Vinje 02.03.20

Desse møtte: Åsne Midtun, Anita R Bekhus, Sonja Sandvik, Stella Servoli, Anders Sandvik, Kari Rustberggard.

Åsne ynskte Stella og Sonja velkomne som nye styremedlemmer.

Sak 1

Brønnøysund-registeret. Anders oppdaterer informasjonen der og melder LiV på  GRASROTANDELEN.

Anita skriv på Facebook om GRASROTANDELEN.

 

Sak 2

Heimesida er gamal og uinteressant. Ho er tungvint å bruke, men er ein grei stad å  ut referat frå styremøta, og liste over måndagsmiddagar.

Facebook er enkel å bruke, men ein bør ikkje leggje referat frå møta her. Liste over måndagsmiddagane kan leggjast her når ein tek vekk telefonnr.

Sak 3

PÅFUNNDAGEN.

Palmesundag 5.april kl 13.00.

Anita legg ut på Facebook.

Åsne henger opp dugnadslister i matsalen.

Åsne spør Kjell Negarden om me kan ha skirennet på Attistog-jordet.

Kari spør løypelaget ( Aslak Krossbakken) om dei kan laga løyper og hopp.

 

Det blir som før stutt løype for dei små nede på flaten, lang løype for dei store/vaksne, stort og lite hopp, kuleløype, kostymerenn og konkurranse på tremannsski.

Styret set opp bålpanner, kokar kaffi og ordnar saft. Folk tek med seg mat til grilling. Me sel skuffekake-stykke til inntekt for laget. Kakene bed me folk melde seg til å baka, ca 5-6 stk.

 

DETTE MÅ GJERAST FØR SKIRENNET:

START - og MÅL – banner

Stoppeklokker

Varsel i E134 om skirenn

Påmeldingsskjema (nytte dei gamle)

Medaljer

Statnr

Tremannsski – må reparerast. Åsne spør Øystein Romtveit om han kan ordne det.

Parkeringsvakter

Startar

Dommarar

Speaker og ropert. (Anders ordnar ropert)

Saftkanner med tappekran

Kaffi og saftkoppar

Premiar: fenalår, påskeegg, mm.

Kaffi og saft.

Grillkol og ved.

Hente vandre-holken.

NYTT: DOPINGKONTROLL – Stella.

 

INNKJØP:

Saft, kaffi, saftkanner, eingongskrus, grillkol, premiar, «bindingar» til ski.

 

 

ETTER-PÅFUNN -

KL 19.00 på Vinje bryggeri.

Quiz? Gjetteleik med plastilina? Gruble?

Styret tek imot tinging av pizza under skirennet, til kvelden på VB.

 

 

 

 NYTT MØTE MÅNDAG 30.MARS!

 

TINGE MEDALJAR TIL SKIRENNET I 2021

 

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills