Referat frå årsmøtet for 2019 i Liv i Vinje.
27.01.2020.
Det møtte 22.
Sak 1 godkjenning av innkalling. OK
Sak 2 Godkjenning av sakliste. OK
Sak 3 Val av ordstyrar Åsne Midttun
Sak 4 Val av skrivar Kari Rustberggard.
Sak 5 Årsmelding, godkjent med merknader.
Sak 6 Rekneskap. Andres Sandvik la fram. Godkjent.
Sak 7 Val. Åsne Vesaas la fram valnemnda sitt framlegg.
Desse blei vald:
Leiar Åsne Midttun, leiar for eitt år
Sonja Sandvik, for to år
Stella for to år
Anita R Bekhus for eitt år
Kari Rustberggard for eitt år
Vara: Snorre Bakken, for eitt åt
Andres Sandvik, for eitt år
Val av valnemnd:
Asbjørn Bekhus, for eitt år
Anne R Bekhus, for to år
Åsne Vesaas, for tre år
Framlegg om å arbeide for å få annonseplassar i Bygdebladet, som inntektskjelde.
Retta årsmelding for 2019
Styret i 2019: Åsne Midtun, leiar
Anita R Bekhus
Knut Hoff Eknes
Torunn Tvedt
Kari Rustberggard
Snorre Bakken, vara
Anders Sandvik vara, ansvar for kassa
Styret har hatt 6 møte og handsama 35 saker.
Liv i Vinje er eit lag for grendene Grungebru, Mogane, Smørklepp, Vinje, Bøgrend, Våmartveit og Særensgrend. Det er ikkje personleg medlemskap. Kven som vil kan ta del i aktivitetar, koma med framlegg til aktivitetar, og røyste.
Laget har både heimeside (www.livivinje.no) og Facebook-profil (Liv i Vinje).
Aktivitetar og arrangement i 2019.
Måndagsmiddag. Seks grupper skifter på å lage middag. Prisen er som før 75kr for vaksne og 150kr for familie. Jolemiddagen kostar 100kr for vaksne og 200kr for familie.
Det var ei stund usikkert om det kunne bli måndagsmiddagar i haust pga. bygjeaktivitet. Brannføreskriftene kunne føre til stenging av underetasjen. I samarbeid med kommunen har me fått til ei god ordning : Me har brannvakt og naudutgangen blir halde open så langt råd er.
Det er god oppslutning om middagane! Takk til dei som lagar middag og ryddar – og til dei som kjem og et!
JUBILEUMSMIDDAG 05.03.19. Me markerte 10 år med måndagsmiddagar. Sonja og Anders Sandvik fekk takk og gåver for initiativet til Liv i Vinje og for arbeid i laget i alle år. Ordføraren som var gjest, helsa og overrekte blomar.
Påfunndagen. Palmesundag er det skirenn og kostymerenn for store og små! I år var det så lite snø at skirenn på tradisjonelt vis var umogleg. Me flutte arrangementet til Mjonøy, der Torunn Tvedt la godt til rette for eit triveleg arrangement.
17.mai blei feira med stor og god frukost, leikar og is, og tog til kyrkja. Ca 80 var med og feira nasjonaldagen.
GRUNNSTEIN TIL VINJESENTERET blei lagt ned 24.05.19. Liv i Vinje var invitert og Åsne Midtun var til stades.
Jonsok feira me ved U-en ved Vinjevatn, med grilling, leikar og bålbrenning. Folk hadde med eigen mat til grilling. Sal av is.
Takk til Statkraft som let oss bruke plassen.
Advent. Det blei ikkje sett opp adventljos utanfor Vinjar i år pga. bygginga.
Bygdebrev i desember. 190 eksemplar blei dela ut i postkassene i heile krinsen. Anita og Kari R var redaktørar. Me bruka ATLES trykkeri, Porsgrunn, same trykkeri som i 2018.
Jolemiddag: styret tok ansvar for denne - med ekstra hjelparar. Det blir ført eiga bok om innkjøp og erfaringar frå jolemiddagen.
Joletrefest 3.dag jol. Styret sette opp lister der folk kunne melde seg på oppgåver. I år måtte festen vera i matsalen då festsalen vert nytta til lager i byggeperioden. Knut og Signe på Jorde ordna joletre. Lilly Slåtta Thomsen og Lulla Verpe tok ansvar for å organisere det heile saman med Kari Nestestog og Solvår Nessæter. Ea Kristine Bakken leia festen, Åsne Vesaas arrangerte leikar. Nisse med pakker til alle ungane var Svein Verpe. Kaker og kaffi hadde folk med seg. Saft og ekstra med kaffi ordna komiteen. Salen var vakkert og stemningsfullt pynta. Joletrefesten blei annonsert i Bygdebrevet. Neste år må me også nytte Facebook!
Vardebrenning nyårseftan på føremiddagen iVeggsfjell blei avlyst. Dei som ville, kunne koma til Bakken til bålbrenning der.
Vinje Barneteater.
Me starta opp hausten 2015 og arbeider no med vår åttande framsyning som er ein jolekonsert med nummer me har frå tidlegare.
Våren 2019 synte me fram ein revy med både musikalske innslag og sketsjar. Noko er skrive av ungane sjølve og resten sto leiarane av teateret for. Det var god oppslutning og mykje latter i salen. Me som driv teateret har stor glede av at borna stadig gjer framstig når det gjeld å vera skodespelarar. Dei blir stadig sikrare på seg sjølve og kan framføre lange tekstar utanåt, ja, til og med improvisere, til stor glede for seg sjølve og publikum.
Økonomi.
Målet med laget er å skape møteplassar for å byggje og tryggje samhald og trivsel for folk i grendene. Laget treng ein viss kapital for å ha handlingsrom for aktivitetar. Den viktigaste aktiviteten er måndagsmiddagen, både som møteplass og inntektskjelde. Økonomien er god og gjev laget handlingsrom.
Innkjøp:
Handreiskap til bruk i ulike aktivitetar t.d. på 17.mai.
YMSE
oppretting av datalagringssenter ved Statkraft.
riving av Breijot for å gje meir trafikksikker veg.
Øverst i skjemaet
Nederst i skjemaet
Vinje 27.01.2020