Referat frå styremøte i Liv
15.03.21
Desse møtte: Anita, Stella, Sonja, Snorre, Åsne, Kari R.
ORIENTERINGSSAKER
Åsne kalla inn til møte på Vinjar for å orientere om saker og drøfte tankar ho hadde.
Telenor og kommunen har vore rundt i området og registrert mobildekninga. Dekningen var svært dårleg og det blir løyst med ny mast.
Me hadde planar om å ruste opp området ved U-en. Det har me avslutta. I staden satsarm e no nede ved Vinjar/Vinjesenteret. Her kan det bli fin badeplass med litt rydding. I tillegg er det frå før grillhytte og leikeområde ved kyrkjekontoret, høve til grilling utanfor Vinjesenteret, med litt tilrettelegging kan ein nytte toalett i kjellaren på Vinje skule, og tilgang på straum. Åsne har vore på synfaring med ordføraren, ass rådmann og Solveig Prestegaard og Vinjesenteret. Grunneigar Tore Thoresen var innkalla men hadde ikkje høve til å møte. Det var stor semje om at dette var ein god ide. Det er løyvd 150 000kr til forprosjekt.
Sak 1 Søknad frå Soknerådet om økonomisk støtte til lydanlegg i kyrkjene.
Etter drøting kom me til at me avslår søknaden med grunngjeving om at me er ein organisasjon utan medlemskap og utan offentleg støtte. Einaste inntekta er måndagsmiddagane; overskotet nyttar me til familieaktivitetar gjennom året. Kari sender svar til Soknerådet.
Sak 2 Aktiviteten i laget.
På grunn av koronaen kan me ikkje starte opp att med Måndagsmiddagar. Det kan ikkje bli Påfunndag og truleg heller ikkje 17.mai-feiring.
Sak 3 Åsne ynskjer å ta kontakt med kommunen for å høyre om det er nokon tidsplan på rydding av festsalen. Han er full av bokkasser og gamalt gym-utstyr.
Sak 4 Me går inn for årsmøte 31.mai.