Referat frå styremøte i Liv i Vinje 27.05.21. på Vinjar
Desse møtte: Sonja, Stella, Snorre, Åsne, Anders, Kari R.
Orienteringssaker.
Det var rydd-dugnad på Vinjar 25.05., i salen og i lagerrom i kjellaren. Åsne hadde fått kommunen til å setje opp konteinerar ein kunne kaste søppela i. Det var gjort raskt og effektivt, på eit par timar.
26.05. møtte Åsne M og Kari R, til synfaring på uteområdet rundt Vinjar, på stutt varsel frå Vinje kommune v/Anne Sofie Bergene Strømme. Vinje kommune har engasjert Sweco til planlegging av uteområdet. Frå Swco møtte to (Aleksander Stetin + ei til), frå Kyrkjekontoret var Grave med, frå Vinjesenteret Åsne Vesaas og Kristian Rantala, frå styret i LiV Åsne M og Kari R + Øystein Høgetveit. Synfaringa vara frå kl 10 – 12.30.
Mobildekninga i Bøgrend er kartlagt. Telenor har funne at dekningen er svært dårleg fleire stader og vil setje opp mast for å betre dette. Området her har høgste prioritet.
Åsne M fekk telefon frå Statkraft om at nokon hadde byrja å leggje kvist i haug på plassen ved U-en, truleg med tanke på jonsokbål. Men det vil ikkje Statkraft ha noko av så lenge før feiringa. Då ser det snart ut som ein søppelplass. Åsne sette opp plakat på plassen om at dette ikkje måtte skje og tok kontakt med han som var sett at køyrde kvist dit.
Sak 1
Åsne Vesaas har teke kontakt med Åsne Midtun, med tanke på eit møte mellom senteret, LiV,
PL Vinjar og Vinje kommune, for å klare opp grenser og bruk .
Åsne M foreslår desse drøftingspunkta:
Rømningsveg frå matsalen?
Tilgang til vaskesentralen i kjellar og hovudetg. Her må ein ha nøkkelkort. Aktuell problemstilling når det er måndagsmiddag.
Ansvar for uteområdet.
Kvar står saka om opprusting av Vinjarsalen og heis-prosjektet? Etterlyse det!
Kven kallar inn til eit slikt møte???
Sak 2 Opprusting av vegen gjennom bygde.
Opprusting av strekningen frå Haugsæl til Lie.
Blir vegen brei nok til at mjuke trafikantar kan ferdas trygt? Kontakte utbygjaren?
Kva med gateljos på delar av strekningen, som td Haugsæl – Fetveitkrysset? Kontakte kommunen? På Hylland vil dei prøve ut gateljos med solcelle.
Sak 3 Søknad om støtte til Vinje barneteater på kr 10000. Sjå søknad frå Ellen B Nordstoga.
Styret drøfta saka, og forstår trongen for ekstra støtte. Men laget har dårleg økonomi sidan ein ikkje kan ha måndagsmiddagar. 10000kr er då mykje. Anders seier kommunen har «koronamidlar» og at me fyrst oppmodar om at dei søkjer på desse; dei kan koma attende med søknad om dei får delvis støtte eller avslag frå kommunen. Me svarar Ellen skriftleg.
Sak 4 Årsmøte.
Dato: 27.09.
Starte måndagsmiddag att 20.09.
Sak 5 Jonsok ved U-en, som før.
Bør kjøre beitepussar på plassen litt før.
Varme grillar kl l7.00. (tennas kl 16.30) Åsne og Sonja
Melde på Facebook og kommunens felleslysing. Kven ordnar det?
Koronatiltak: alle skrive namn og telefonnr når dei kjem.
Sprit.
Avstand.
Brannpumpe frå Høgetveit.
Båltenning.
AKTIVITETAR
Natursti – Sonja justerer litt på den frå i fjor.
Vollyballnett og ballar.
Sal av is. Åsne kjøper inn.
Ref Kari R 31.05.21