Liv i Vinje

Til stades: Anders, Aasmund, Eric, Anne og Britt.


1.    Anne gjekk kort igjennom referatet frå det 2. møtet i dette prosjektet. Kommentar til referatet:

•    Det blei ein del diskusjon rundt dette med kven som skulle sita i eit arbeidsutval, det viktigaste må vera at dei som sit der har lyst til det!

•    Det blei bestemt kontaktpersonar for arbeidsgruppene, desse bør me bruke til ulike oppgåver.


2.    Kva skal prosjektet heite? Å kva navn skal me ha på domenet?

Domenenavn: VinjeNytt.no

Prosjektnavn: ??? me ynskjer fleire forslag


•    Me treng fleire kommunikasjonskanalar for å nå dei som ikkje har tilgang på data.

- Kva med ei avis? Kven skal eventuelt lage den?

- Bruke Blåmann?

- Kan nokon ta ansvar for å skrive ut frå heimesida og gje til dei som måtte ha

behov?

- Kva med ei ”postkasse” på måndagsmiddagane, der alle kan legge innspel,

forslag, ris, ros, osv..?

- Me sender referat frå desse møta til Grendelaga.


3.    Kva er i gang og kva kan me starte opp?


o    Ulike markeringar som nyttårsfeiring, jonsok og andre   - me utfordrar grendelaga! Korleis kan me utnytte desse dagane til å samle folk i bygda?

o    Måndagsmiddag er i gang, og fortsett.

o    Heimesida skal i gang no

o    Barnekor er snart i gang

o    Musikkgruppe for barnehagebarn er i gang

o    Ellen med fleire jobbar med brua i Smørklepp

o    Vinjardagen – Vinjar 50 år – Olav Nordstoga jobbar med dette.

 

4.    Korleis ta fatt i søknad til kommunen om prosjektstøtte?

Anders tek kontakt med Øyfjell og innhentar tips om kva ein søknad om prosjektleiar bør innehalde.


5.    Kven gjer kva vidare?

Aasmund tek kontakt med Kari Rustbergard om ho kan gå igjennom det som er av

utstyr på kjøkenet på Vinjar og sjå kva me treng av nytt utstyr. Me søkjer om midlar til dette.


Me ber Grendelaga om hjelp til å få ein oversikt over innbyggjerar i dei ulike grendene.


Anders har vore i kontakt med Emilie Asplin som er bygdemeklar. Det skal iverksettast eit prosjekt vedk. prøvebustader og ev. allsidig næringsbygg i Vinje. Anders takka ja til å vera med på dette og han fylgjer saken vidare.


Me snakka også om korleis me skal nå folk i Særensgrend og me held det fortsatt varmt.

 

 

Ref.


Britt Rønningen

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills