Liv i Vinje

Det ER Livivinje!

Framleis er prosjektet vårt ungt, og mykje står att før me kan seie at me er i boks med alle planar og mål. Me vonar me no går inn i ei ny fase med auka aktivitet og mykje moro. Kommunen har gjeve prosjektet vårt støtte til ein prosjektleiar, og i desse dagar får me truleg på plass personen som skal vere pådrivar og koordinator for Vinjemobiliseringa. Dette vil truleg føre til meir målretta arbeid med bustadproblematikk, nye møtestader, oppstart av aktivitetar og ikkje minst hyppigare oppdatering av nyhende på heimesida. Så fort prosjektleiaren er på plass, set med i gang arbeidet med å arrangere årsmøte for Livivinje.

På aktivitetsfronten no står måndagsmiddagane for tur att. Ny liste over arbeidslaga vil bli lagt ut her og sendt på papir til dei som ynskjer det. Me satsar på å få til ei køyreordning for dei som av ulike årsaker ikkje kjem seg til Vinje på eiga hand. Dette kjem me attende til. Vidare ser det ut til at det snart kjem til å bli starta opp eit barnekor om ikkje lenge. Hugs at alle som vil kan setje i gang aktivitetar og tiltak, så ikkje vent til motivasjonen går over.

Anders Sandvik, 10.01.10

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills